Politiet har måndag ettermiddag gjennomført ein fartskontroll i Hornindal. Kontrollen vart gjennomført i 60-sona, og to bilførarar vart målte til 89 og 90 kilometer i timen av politiet. Begge desse fekk førarkortet beslaglagt.

I tillegg fekk 14 bilførarar forenkla førelegg på grunn av for høg fart.