8. april inviterer arrangørane bak Musikk i sentrum til Påskerock i Ørsta kulturhus, og pågangen frå band som vil ta del har vore svært god.

– Seks band er klare til påskerocken, og seinaste i dag vart eg kontakt av eit band som ville vere med. Dermed fungerer opplegget vårt slik som vi vil. Vi bestemmer for å ha eit arrangement, og dei lokale banda har lyst til å vere med. Det er veldig kjekt, seier Hans Robert Bondhus.

Det er to år sidan Musikk i sentrum vart starta opp, og gjennom to arrangement har lokale artistar fått vist seg fram for publikummet i Laguneparken i Ørsta. Påskerocken vert eit steg vidare frå hovudideen med Musikk i sentrum. På scena i år står Cold Island, Daniel Klepp og Hand Robert Bondhus, The Clinton Experience, Pikekysz, Skapsmak og Kolabruise.

– Påskerock vert eit kommersielt arrangement, og det første arrangementet utanom Musikk i sentrum for vår del.

Sjølv om arrangementet har fått namnet Påskerock forsikrar Bondhus at det ikkje berre blir rock frå scena i flatsalen.

– Det er hovudsakleg rock på programmet, men også elektronisk musikk. Eg trur at flatsalen i kulturhuset er ein god plass å ha eit slikt arrangement, og ein plass som vi må bruke.

Påskerock vert det første arrangementet som vert prøvd ut utanom Musikk i sentrum.

– Eg vil ikkje seie at det nødvendigvis skal vere ein fast påskerock eller eit fast påskearrangement. Det som er sikkert er at vi vil halde fram med å ha slike arrangement. Påskerocken vert det første vi prøvar ut, og så ser vi korleis det fungerer.

I tillegg til dei fem banda som skal på scena vert det arbeida med ei overrasking for publikum, og mest truleg kjem den på plass til arrangementet. Håvard Krøvel Velle vil og sikre at det visuelle rundt arrangementet vil skilje seg ut.

– Førehandssalet har gått jamt og trutt sidan vi lanserte ideen. Vil gler oss, har stor tru på denne dagen og alt ligg til rette for at det skal bli eit kjekt arrangement, seier Bondhus.

Seks lokale band: Kolabruise skal opptre under Påskerock i Ørsta. Foto: Steven Midtgård
The Clinton Experience. Foto: Presse