– Bygg og anleggsteknikk opplever nedgang på fylkesbasis, men det merkar vi ikkje noko av her, seier rektor ved Ørsta vidaregåande skule, Roger A. Fylling etter å ha sett søkjartala for komande skuleår. I Ørsta er det 349 søkjarar til dei totalt 307 studieplassane. På bygg- og anleggsteknikk har dei 21 søkjarar til dei 12 skuleplassane på vg1.

– Vi reknar med å starte opp alle dei ulike klassene. Nokre har oversøking, andre har færre søkjarar enn der er plass til, men ingen står i fare for å ikkje få starte opp, slår Fylling fast.

Han er godt nøgd med søkjartala, og ser at særleg helse- og oppvekstfag er i sterk vekst.

– Det er ei satsing vi har hatt over fleire år, og trenden er god. Stadig fleire søkjer seg til denne linja, og vi satsar også på eit nytt Vg2-tilbod innan dette faget, som har vist seg å vere populært.

Slik er det også på fylkesbasis, der helse- og oppvekstfaget er det med høgast søking med 449 søkjarar.

Færre

På fylkesbasis er det færre som søkjer seg til yrkesfaga, i følgje informasjonen frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Då søknadsfristen gjekk ut 1. mars, hadde 3.634 ungdomar søkt om skuleplass på Vg1, for skuleåret 2017/2018.

–Dette er 113 færre enn i fjor. Årsaka er nok eit mindre årskull, og ein nedgang i talet på elevar som gjer omval, seier fylkesutdanningssjef Erik Brekken i ei melding frå fylkeskommunen.

Samla sett har yrkesfaga lågare søking i år, medan søkartala for dei studieførebuande utdanningsprogramma er stabile.

Resten av yrkesfaga har ein nedgang i søkinga. Bygg- og anlegg hadde gode søkartal i fjor, men opplever i år ein tilbakegang. Søkinga til restaurant- og matfag er stabil, men det er færre enn 100 elevar som ønsker seg dette utdanningsprogrammet. Eit populært fag som elektro har også mindre søking, med nesten 14 prosent færre søkarar.

To av faga som slit med få søkarar, er medium og kommunikasjon og design og handverk. Søkinga til desse utdanningsprogramma har den største nedgangen, med mellom 25 og 30 prosent.

– Dette er dramatisk for desse utdanningsprogramma, fortel utdanningssjefen.

Men for Volda vidaregåande skule er det motsett, der medium og kommunikasjon har oversøking og framleis står sterkt.

Design og handverk i Ørsta er nesten fylt opp, med 12 søkjarar til 15 plassar.

Lærlingar

– Nedgangen til for eksempel teknikk og industriell produksjon heng nok mykje saman med tilstanden til næringslivet, vurderer rektor Fylling.

– Har vi ikkje lærebedrifter til dei, så er det ikkje så attraktivt å ta denne utdanninga. Vi treng stadig fleire læreplassar, og det er noko vi må jobbe med for å ta ungdomen på alvor.

I fylket har talet på søkjarar til læreplass auka til 1.282, 59 fleire enn i fjor.

– Det er mindre søking til fag som elektrikarfaget, industrimekanikarfaget og sveisefaget, medan maritime fag held seg stabilt, seier Brekken.

– Vi legg også i år opp til ei mobilisering for å skaffe fleire læreplassar, og håper at særleg kommunar ser verdien og nytta av å ta inn lærlingar, særleg innan helsearbeidarfaget og barne- og ungdomsarbeidarfaget. Lærlingar er ein verdifull ressurs, seier Brekken.