– Det var ein overgang å venje seg til eit ganske anna landskap og litt andre prisar på matbutikken, men eg trivst veldig godt i Ørsta.

Lågterskeltilbod

Laila Amiri har etter kvart vorte eit kjent ansikt i lokalmiljøet. Sidan oktober 2015 har 33-åringen vore kommunepsykolog i Ørsta. Ho er den første som har denne stillinga, og det første året har mykje tid gått med til å finne den rette balansen mellom dei forskjellige rollene kommunepsykologen skal ha.

– Dette er ein krevjande jobb. Vi ville unngå at kommunepsykologen skulle få alt for mykje klinisk arbeid. Det er ikkje meininga at alle pasientar som tidlegare nytta andre tilbod no skal gå til kommunepsykologen, seier Knut Åmås, seksjonsleiar for helse og velferd i Ørsta kommune.

Amiri tek likevel imot ein del personar. Kommunepsykologen skal vere eit lågterskeltilbod, særleg retta mot born og unge, men det er inga aldersgrense.

– Dei kan kome til kommunepsykologen utan rekvisisjon frå lege og utan lang ventetid. Ved slike konsultasjonar er eg ikkje oppteken av å stille ein diagnose, men å hjelpe dei å fungere best mogleg. Mange unge har problem med sjølvtillit og sjølvkjensle, og då kan det hjelpe med nokre samtalar, seier Amiri.

Personar med meir omfattande utfordringar skal framleis få behandling gjennom barne- og ungdomspsykiatritenesta (om det er eit barn eller ein ungdom) eller det distriktspsykiatriske senteret i Volda (dersom det er ein vaksen).

– Dersom eg kan hjelpe dei med nokre konsultasjonar, så prøver vi det, men om det blir snakk om diagnose og langvarig behandling skal andre institusjonar nyttast.

Denne balansegangen har vore vanskeleg å finne, men Åmås meiner dei har treft rimeleg godt.

– Vi har retningsliner, men det er i stor grad opp til kommunane å definere rolla til kommunepsykologen. Andre kommunar har valt andre modellar enn oss. Nokre stader driv kommunepsykologane berre med klinisk arbeid.

Hjelpe til sjølvhjelp

I tillegg til å møte klientar, jobbar Amiri også med meir overordna oppgåver. Ho er mellom anna med i fagleiargruppa i helse- og velferdsseksjonen og ho gir innspel til planarbeidet i kommunen.

– Det er også viktig at eg kan gi råd til personane rundt dei som har utfordringar, altså lærarar, foreldre, helsepersonell og andre. Nettverket er viktig i slike situasjonar, og det er sentralt at eg som kommunepsykolog kan legge til rette for at dei kan hjelpe, seier Amiri.

Stillinga som kommunepsykolog er delvis finansiert gjennom støtte frå staten, og planen er at kommunepsykolog skal bli ei lovpålagt teneste i kommunane i 2020.

– Vi har vore på samlingar med andre kommunar og staten, og fått gode tilbakemeldingar på modellen vi har valt, seier Åmås.

Frå Danmark

Laila Amiri er frå Aalborg i Danmark. Ho kom til Danmark frå Afghanistan som 14-åring. Bakgrunnen hennar gjer at ho har særleg kompetanse innanfor språk.

– Frå Afghanistan kan eg dari og pashto, i tillegg er eg sjølvlærd i urdu og litt panjabi. Det gjer at eg ikkje treng tolk for å snakke med personar frå Afghanistan, Iran, Pakistan eller India. Men eg har jo stort sett snakka desse språka med foreldra mine tidlegare, så det er litt uvant å bruke det med folk eg ikkje kjenner, seier ho.

Ho har funne seg godt til rette i Ørsta, og bur saman med sambuaren sin på Legene i Åmdalen.

– Eg trivst veldig godt, og vi har vorte godt mottekne her. Eg er veldig glad i dyr, og det er noko av bakgrunnen for at vi har valt å busette oss utanfor sentrum. Det er sjølvsagt ein overgang å flytte til eit anna land, men det har gått bra. Landskapet er noko av det som er mest uvant. Det var ikkje før eg kom tilbake til Danmark etter den første tida i Ørsta at eg skjønte kor flatt Danmark faktisk er.

– Korleis går det med nynorsken då?

– Det går betre og betre. Eg prøver så godt eg kan, seier Laila Amiri muntert, på eit noko fornorska dansk.

Samarbeid: Det har vore ein utfordrande jobb å finne fram til den rette rolla for kommunepsykologen, seier Laila Amiri. Her er ho saman med Knut Åmås, seksjonsleiar for helse og velferd. Foto: Marius Myklebust