Norsk Transportplan (NTP) er eit av dei viktigaste politiske dokumenta som vert laga. Her skal dei viktige samferdselsprosjekta prioriterast, og Ørsta/Volda-regionen har tidlegare vore vinnarar, men kan sjå ut til å vere meir i bakleksa no.

Då det årelange viktige politiske arbeidet for Eiksundsambandet og Kvivsvegen vart gjort, var siktemålet heile tida å få kome inn i transportplanen. Det var den viktigaste milepålen.

Difor er det at spenninga er så stor kvar gong NTP vert lagt fram, med fire og åtte år som horisont. Denne gongen handlar det lokalt om ferjefri E39 og Voldatunnelen. Trasevalet for E39 er mykje fastlagd. Det er vedteke at Hafast skal vere traseen, og truleg med ei ny kryssing over Vartdalsfjorden. Signala frå regjeringa er at denne fjordkryssinga ligg på vent, fordi kostnadene er for store.

Voldatunnelen er ein del av ferjefri E39. Tunnelen frå Heltne-området til Furene vil eliminere mange av dei trafikkproblema Volda sentrum har i dag, og prosjektet ligg dessutan i botnen som eit vilkår for å få plass ein lokal vegpakke, der fleire andre flaskehalsar og problem i Ørsta og Volda kan verte løyst. Det gjeld trafikkutfordringane for Hovdebygda og flyplassområdet, det gjeld Ørsta sentrum inkludert Ose, og det gjeld tiltak langs E39 for mjuke trafikantar mellom anna.

Denne veka har sentrale politikarar reist land og strand for å presenterte noko av innhaldet i Norsk Transportplan. Ingen av dei har vore på Søre Sunnmøre. Det er eit dårleg signal. NTP er enno ikkje lagt fram som ein heilskap. Først når det skjer, får vi vite om Voldatunnelen er med, og i kva periode. Viss ikkje prosjektet er på plass, vil Ørsta og Volda leve med store trafikale utfordringar i mange år. Det er alvorleg. Ørsta sentrum er allereie eit av dei mest trafikkbelasta områda i fylket utanom dei største byane.