Det seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik. Han har no løfta nybygg i Ørsta opp på fjerdeplass i fylkeskommunen sitt investeringsprogram for skulebygg.

Fylkesutvalet vart nyleg orientert om status for investeringsplanen for skulebygg. På møtet vart det opplyst at administrasjonen i fylket no arbeider med å greie ut nybygg for Ørsta vgs. i sentrum med fellesbruk med bibliotek kino/auditorium på kulturhuset, og felles kantine.

– Det er utarbeidd enkle skisser over prosjektet. Regulering og eventuell ekspropriering må gjennomførast. Dette vil redusere investeringskostnadene frå 400 mill kroner i utviklingsplanen til kring 300 millionar, seier Per Olaf Brækkan som er byggje- og vedlikehaldssjef i fylkeskommunen.

Nødvendig vedlikehald av skulen vert dekt av generelle vedlikehaldsmidlar.

– Bygga A-C er definert som bygg som skal ut av bruk, og det vert utført berre det mest prekære vedlikehald. Eksisterande bygg D («husmorskulen») kan då behaldast, seier Brækkan.

Investeringsprogram

Ved handsaming av økonomiplanen for 2017–2020 med budsjett 2017 vedtok fylkesutvalet at det vart utarbeidd eit investeringsprogram og ein plan og eit byggeprogram for dei vidaregåande skulebyggprosjekta, i tråd med same mal som for fylkesvegane men tilpassa bygg. Dette skal på plass innan april 2017, og leggjast fram for fylkestinget. Den tiårige investeringsplanen skal handsamast i fylkestinget i juni.

Fylkestinget gjorde i fjor vedtak om at det i løpet av eksisterande økonomiplanperiode, til og med 2020, skal setjast av av planleggingsmidlar til ein ny vidaregåande skule i Ørsta.

Vedtaket kom etter at eit meir konkret framlegg frå KrF fall. Dette forslaget sa at det skulle setjast av fem millionar kroner i 2019 og fem millionar kroner i 2020 til planleggingsmidlar.

Fylkestinget vedtok i fjor også å prioritere bygging av ein ny vidaregåande skule på sørsida i Ålesund sentrum inn i økonomiplanen for 2016 – 2019.

– Forventa tilbodsutlysing på totalentreprenør vert i slutten av 2017. Behandling av forprosjekt vert i slutten av 2018, seier Olaf Brækkan.