– Vi har 72 deltakarar på Vintercampen i år, og det er ny rekord for oss. Det er vi veldig godt nøgde med, og det er liv og røre på og rundt Ørsta stadion heile denne veka, seier leiar Frode Følsvik for fotballfritidsordninga i Ørsta IL fotball.

Gjennom dei fem dagane vintercampen varer er det lagt opp til fotballaktivitetar kvar dag, i tillegg skal deltakarane innom minst ein annan aktivitet kvar dag.

– Vi skal innom handball, ju jitsu, symjing, turn og orientering. Vi samarbeider med eksterne idrettslag for å gje eit skikkeleg tilbod rundt handball, symjing og ju jitsu, og målet er at vi skal ha eit variert og godt tilbod på vintercampen.

Tysdag var det ju jitsu som stod på programmet på vintercampen. Leiar Ole Martin Blestrud i Volda Ju Jitsu-klubb, saman med Følsvik, var instruktørar for vintercampdeltakarane. I løpet av eit par timar fekk deltakarane ei rask innføring i fall- og kasteteknikkar. Ju jitsu har røter heilt tilbake til dei japanske samuraiane, og vert i dag praktisert som sjølvforsvarssystem. Det var mange engasjert gutar og jenter å sjå i Ørstahallen tysdag.

– Eg tykkjer at dette var veldig kjekt, seier Andreas Smehus Lind som øvd på ulike teknikkar saman med Jon Weider. Medan Weider hadde prøvd ju jitsu før, var det første gang for Smehus Lind. Gutane var samde om at vintercampen er kjekk.

– Det er veldig kjekt å få halde på med forskjellige aktivitetar.

Gutane er fleirtal på vintercampen, men ifølgje Følsvik er det no ein del fleire jenter som er med enn tidlegare. Rundt halvparten av deltakarane er ikkje tilknytt fotballfritidsordninga til vanleg. Dette er tal som Følsvik er nøgd med.

– Vi gjekk ut til alle skulane før vintercampen og vi fekk god respons.

– Kjekt:– Jon Weider og Andreas Smehus Lind var samde om at det er kjekt å ha eit variert aktivitetstilbod under vintercampen til FFO. Foto: Joachim Åsebø