– Vi skal diskutere saka på neste møte. Det er berre naturleg etter alt som har skjedd siste tida, seier han.

Han er kjend med at utvalet har fått sendt fleire spørsmål om saksgangen frå oppsitjarar i Osgeila.

– Eg kan ikkje trekke nokon konklusjonar her og no, men meiner at her har skjedd openberre feil som vi må sjå på. Det er heilt opplagt at vi må ta tak i denne saka. Det er vår oppgåve å gjere.

Castberg seier at han ikkje ser nokon grunn til å kalle inn til ekstraordinært møte, men vil ta saka opp ved neste ordinære møte, som vert halde 13. mars på Ørsta rådhus.