Volda kommune rapporterte i førre veke rekneskapstala for 2016. Netto driftsresultat er ca. 23,6 mill kr, og utgjer 2,86% av driftsinntektene (målet er at det skal vere minst 1,75%). Etter avsetning til og bruk av fond, viser botnlina eit overskott på 22,6 mill kr i rekneskapen for 2016, heiter det i ei pressemelding frå rådmann Rune Sjurgard.

Han gjev denne hovudforklaringa på overskotet på 22,6 mill:

• Frie inntekter (skatt og rammetilskot) er ca. 2,9 mill meir enn budsjettert. Regjeringa si prognose på skatteinntekter på landsbasis var for låg, og Volda kommune fekk dermed meir i inntektsutjamning.

• Netto finanskostnadar er 1,3 mill lågare enn budsjettert.

• Pensjonskostnadene vart 8,9 mill lågare enn pensjonsselskapet stipulerte i forkant

• Diverse statlege meirinntekter, ubrukt reserve mv. på til saman ca. 5,4 mill

• Tenestene (sektorane og administrasjon) har eit netto mindreforbruk på ca. 4,2 mill

Sjurgard presiserer at statlege refusjonar frå BUF-etat er basert på stipulering, og at rekneskapen ikkje er revidert.

Endeleg rekneskapsrapportering er 15. april, og det vert difor teke atterhald om eventuelle korreksjonar.

– Ein registrerer at det synest å vere ein nasjonal trend at kommunane legg fram gode resultat. Dette skuldast at regjeringa si prognose på skatteinntekter var for låg, og at pensjonskostnadene vart vesentleg lågare, kommenterer Volda-rådmannen.

Han peikar på at eigedomsskatten har gitt Volda kommune betre stabilitet i økonomien, og når ytre faktorar siste året også gjekk i positiv favør så resulterer dette i eit bra netto driftsresultat.

– Dette er særleg positivt ettersom Volda kommune dei siste 6 åra har fått ein reduksjon på 22 millionar over utgiftsutjamninga i inntekts- systemet, seier Sjurgard.

Mesteparten av mindreforbruket/overskotet i 2016 er knytt til forhold som ikkje vil ha varig effekt.

– Budsjettåret 2017 vert svært stramt. I inneverande økonomiplanperiode er det lagt opp til eit høgt investeringsnivå, og kommunen arbeider også med større satsing på kultur- og idrettsanlegg som føreset økonomisk handlingsrom. Det er derfor gledeleg å kunne gå inn i 2017 med eit positivt resultat for 2016 bak oss, seier Sjurgard i pressemeldinga.