Det seier Odd Magne Vinjevoll i Ørsta Næringskontor som saman med Olav Sindre Kriken (Racer), Sigrun Heltne Vartdal (Sparebank 1 Søre Sunnmøre), Knut Olav Standal (Brødr. Øyehaug) og Einar Holsvik (Norhus) har stått for arbeidet med årets næringskonferanse. Det er femte året på rad at Ørsta Næringskontor arrangerer Næringskonferansen for Søre Sunnmøre. Fredag vart det offentleggjort at Ingebrigt Steen Jensen vert årets konferansier.

– Han er ein av våre beste motivatorar og foredragshaldarar. Han har erfaringar frå idrettsorganisasjonar, frå motivasjonsarbeid og reklamearbeid innan internasjonale selskap, og korleis vi kan lære av bakgrunnen til at dei er beste er best.

I tillegg til Steen Jensen er det klart at tidlegare finansminister Sigbjørn Johnsen kjem til Ørsta 6. april.

– Johnsen har vore finansminister i to regjeringsperiodar, og sist i Stoltenberg-regjeringa fram til 2013. Han vil drage dei nasjonale/internasjonale dimensjonar innan finans og økonomi, sjølvsagt krydra med lun humor frå Hedmarken.

Forbrukarøkonom Magne Gundersen, for mange kjent frå Luksusfellen, skal og halde foredrag innanfor temaet økonomi. Sidan oppstarten har det vore viktig for Næringskonferansen å setje fokus på lokale bedrifter som utmerker seg. Årets lokale bedrift er Frøy Vest som har sitt opphav frå Møre Dykkerservice og vert presentert av gründer og dagleg leiar Torstein Holsvik frå Hovdebygda.

– Ei spennande bedrift som gått litt «mot straumen» samanlikna med andre, og vart kåra til årets gasellebedrift i Sogn og Fjordane i 2016.

Hotel Alexandra i Loen vert presentert av hotelldirektør og dagleg leiar av Hoven gondolselskap Richard Grov.

– Vi får høyre ei unik og spennande historie om satsing gjennom lokalt forankra gründerskap.

Innanfor tematikken marknadskommunikasjon, marknadsanalyse og trendar står Ole Petter Nythaug på foredragslista.

– Han har blitt kåra til årets foredragshalar og vore engasjert av internasjonale konsern som Coca-Cola, Audi, IKEA, Heineken og Phillips for sin marknadskompetansen. Johan Kaggestad er innanfor same kategori som utdanna diplomøkonom og rådgjevar innan leiar og organisasjonsutvikling.

I samarbeid med Dei nynorske festspela, og innanfor temaet media og kommunikasjon, vert Hilde Sandvik henta til Næringskonferansen. Sandvik har vore kultur – og debattredaktør i 10 år i Bergens Tidende, og er no grunnleggar og sjefredaktør av det nordiske mediehuset Broen xyz AS. Kommunikasjonssjef Even Sandvold Roland i Tesla kjem og til Ørsta.

– Foredragshaldarane gjengspeglar tematikken for årets konferanse. Tilbakemeldingane frå i fjor var fantastisk gode, og vi har fått beskjed om halde fram i same dur. Forskjellen i år er at vi har eit fagleg sterkare innhald. Det er viktig at vi ikkje blir bransjespeifikke, og det er viktig at vi når alle med Næringskonferansen.

Som tidlegare samarbeider Næringskonferansen med Ørsta vidaregåande skule, og elevane ved skulen står for pynting av festlokalet og servering av varm lunsj.

– Det er fantastisk å ha slike ressursar i Ørsta, og dei er ein viktig samarbeidspartnar for oss. Vi må og takke næringslivet lokalt som stiller opp.

Årets lokale bedrift: Frøy Vest ved gründer og dagleg leiar Torstein Holsvik er årets lokale bedrift på Næringskonferansen. Foto: Roy-Arne Folkestad
Til Ørsta: Tidlegare finansminister Sigbjørn Johnsen kjem til Ørsta. Foto: Pressebilete
Konferansier: Ingebrigt Steen Jensen vert årets konferansier på Næringskonferansen.