Han tek over stillinga etter Roger Nedreklepp som har gått av med pensjon. Magnussen startar i jobben i byrjinga av mai.

– Det er ikkje ofte slike stillingar vert lyste ut, og eg var klar for nye utfordringar. Dette gler eg meg veldig til, seier Magnussen.

Stryn

Han er opphavleg frå Tønsberg, men bur no på eit småbruk i Robjørgane i Stryn, med 70 vinterfôra sauer, og er sambuar med Trude Iren Saure frå Ørsta. Saman har dei to små jenter.

– Eg vaks opp på ein gard i Tønsberg, og har no nyleg kjøpt eige bruk i Stryn. Dei siste fire åra har eg vore skogbruksleiar i Vestskog, tidlegare Sogn og Fjordane skogeigarlag, så eg har stor interesse for faget, både skog og bruk, fortel han.

Han har studert ved Universitetet på Ås og har bachelor i naturforvaltning og master i skogforvaltning.

Hjortejakt

– Det vert mykje nytt å setje seg inn i som skogbrukssjef, men eg er motivert for å gjere ein god jobb. Det skjer mykje spennande i Ørsta og Volda no, mellom anna med tanke på hogst. Eg gler meg til å vere med på dette, frå vegplanlegging til å lage planar for planting, i god og tett dialog med Allskog og grunneigarar.

Magnussen får i tillegg vilt-ansvar for Volda kommune. Dette set han ekstra stor pris på.

– Eg er veldig glad i hjortejakt sjølv. Det er noko eg verkeleg brenn for, så det er ekstra stas å få ansvaret for dette.

Han er førebudd på ein del pendling når han tek til i jobben, sidan heimeadressa er i Stryn, men det ser han lyst på.

– I starten vil eg nok vere på kontoret for å få oversikt og verte kjent med alt det nye, og på sikt ser eg føre meg å ha litt heimekontor. Men det er uansett ikkje lange vegen, og er svært motivert for denne jobben, så eg vil finne ein god balanse, fortel han.