Svein Aam (56) er tilsett som redaktør og dagleg leiar i Møre-Nytt frå 1. juli. (Foto: Janne-Marit Myklebust)

Svein Aam (56) er tilsett som redaktør og dagleg leiar i Møre-Nytt frå 1. juli. Foto: Janne-Marit Myklebust

Leiarskifte i Møre-Nytt

Møre-Nytt har tilsett ny redaktør og dagleg leiar.

Svein Aam (56) er tilsett som ny redaktør og dagleg leiar i Møre-Nytt. Det er styret i Møre-Nytt som står bak tilsettinga. Aam startar i stillinga 1. juli i år, samstundes med at dagleg leiar Heidi Myklebust går av, og redaktør Rune Sæbønes går tilbake til sin tidlegare journalistjobb i Møre-Nytt.

- Eg gler meg svært mykje til å byrje i jobben. I tillegg er Møre-Nytt avisa eg har vakse opp med og har lest sidan eg lærte å lese. Møre-Nytt har alltid vore eit skuleeksempel på ei god lokalavis, seier Aam.

Røynd

Styreleiar Lidvar Flydal er godt nøgd med valet av ny eineleiar.

- Ved tilsetting av Svein Aam som redaktør og dagleg leiar, har Møre-Nytt fått ein røynd pressemann som med sin breie mediebakgrunn og gode kjennskap til Ørsta og Søre Sunnmøre vil kunne leie mediehuset si vidare utvikling på ein god måte. Ei hovudoppgåve vert å vidareutvikle den sterke posisjonen mediehuset Møre-Nytt har i sitt dekningsområde, seier styreleiar Lidvar Flydal.

Aam har brei redaksjonell erfaring, gjennom mange år i NRK, først ved distriktskontoret i Møre og Romsdal og seinare som programsekretær  i NRK Dagsnytt og Vaktsjef i NRK2 /Bergen. Sidan 1998 har han vore tilsett i redaksjonen i Sunnmørsposten, først ved avdelingskontoret i Volda, og seinare i næringslivsredaksjonen.

Aam er fødd og oppvaksen i Ørsta, og har inngåande kjennskap til samfunns- og kulturliv i kommunen.

Stødig

- Ei god lokalavis er ein av grunnpilarane i eit godt lokalsamfunn. Difor er dette ein kjempespennande jobb. Media har vore gjennom ei vanskeleg tid siste åra, og stadig fleire spør om vi treng journalistar og om vi treng aviser. Svaret på det er ja. Møre-Nytt har som andre opplevd store endringar siste tida. No skal vi halde stødig kurs framover. Litt av kunsten med omstillingar er at trufaste lesarar ikkje skal merke så mykje av det, og eg meiner Møre-Nytt har klart seg godt i denne ulvetida.

Meir å lese på Møre-Nytt:

Møre-Nytt ynskjer ein open og sakleg debatt. Alle innlegg vert kontrollerte etter publisering. Innlegg kan verte forkorta, redigerte eller fjerna. Det fulle namnet ditt må anten gå fram av e-postadressa, brukarnamnet eller Facebook-profilen din.

Dette vert lest no:

Drukningsulykka i Volda

- Dette må ikkje skje igjen

- To gongar er to gongar for mykje, seier Peter Hasfjord Bjørneset. Ungdomspolitikaren var ein av dei som var vitne til drukningsulykka ved Rotevatnet onsdag kveld.

Rotevatnet i Volda

Same ulykke for andre gong

Ein bevisstlaus mann vart henta opp av Rotevetnet i kveld. Ulykka er nesten identisk med ei hending i fjor.

Gullår for fiskebåtane «Granit» og «Sæbjørn»

Vartdal-båten «Sæbjørn» og den tidlegare Vartdal-båten «Granit» gjorde det godt i fjor.

Mann i ulykke i Rotevatnet

Politiet melder at ein mann er henta opp frå Rotevatnet.

I Ørsta og Volda

Villeiande infoskilt

Informasjonsskilta som skal helse folk velkomne til Ørsta og Volda er utdaterte. Mellom anna er verken Eiksundsambandet eller Kvivsvegen på kartet.

- I barndomen skein sola på sætra kvar dag

Audun Ellingsen er gjest i sommarpraten.

Godt opptak for Høgskulen i Volda

1.442 søkjarar har fått tilbod.

Volda Golfklubb

Deltek i NM

Volda GK skal delta i Lag NM i Stavanger 21. til 23. juli. Fire medlemer reiser nedover for å representere klubben. Det er første gong den lokale klubben stiller lag.

Kommunen må handsame Sætre-saka på nytt

Ørsta kommune må handsame konsesjonssaka til Endre Sætre på Sætre i Hjørundfjorden på nytt. Det har Fylkesmannen i Møre og Romsdal bestemt.