Fredag vart dette markert av representantar frå samarbeidspartia, Studentsamskipnaden og studentrepresentantar ved studentblokkene på Heltne.

– Supert! Dette er ei positiv utvikling som kan vere med på å bygge studiebygda vår enda sterkare, seier leiar av Studenttinget i Volda (STiV), Karoline Strand til Høgskulen i Volda si heimeside.

I statsbudsjettet for 2017 lovde regjeringa 2500 nye studentbustadar på landsbasis. Det er no bestemt at 120 av desse får studentane i Volda nyte godt av.

– Det er eit viktig tiltak for studentane frå vår side. For oss er det viktig at det er tilstrekkeleg med studentbustadar i vår region, seier Odd Harald Karlsen, fylkessekretær for Høgre i Møre og Romsdal.

Utbygginga er planlagt slik at dei nye studentbustadane vert liggande like ved Heltne Studentheim.

– Det er ein stor glede for oss at dette vert realisert. Eg håper også det kan vere med på å auke rekrutteringa av studentar, og at det vert lettare å velje Volda for framtidige studentar, seier Strand.