Eigentleg er det innført stopp for bygging av rundkøyringar på europavegar og riksvegar, fordi dei er skadelege for trafikkflyten på hovudfartsårane. Alle rundkøyringar på slike vegar må difor godkjennast av Vegdirektoratet.

Statens vegvesen meiner rundkøyring er den rette løysinga for dette krysset. Andre løysingar, som planfritt kryss, blir for dyrt og omfattande. Ei planfri løysing vil truleg koste fire til fem gonger meir enn ei rundkøyring.

I tillegg er det sannsynleg at vegen ikkje blir del av E39 når denne blir lagt utanom Ørsta sentrum.

Ei rundkøyring vil gi langt betre trafikkavvikling enn dagens T-kryss, meiner vegvesenet. Rundkøyringa er allereie regulert, og det må ein heilt ny reguleringsprosess dersom det skal byggast ei anna kryssløysing.

Vegdirektoratet meiner Statens vegvesen Region midt har argumentert godt for å få bygge rundkøyringa, og godkjenner fråvikssøknaden.