Skogeigarlaget er utolmodige

– Saka har teke tid, men no er prosjektet lagt ut på Doffin, og vi ventar å få inn pristilbod i månadsskiftet mars/april. Dersom kostnadsramma då held seg oppe, er vi klare for bygging. Viss ikkje, må saka til kommunestyret, seier ordførar Stein Aam.

Utolmodige

Volda og Ørsta skogeigarlag er utolmodige, og meiner prosjektet dreg ut i tid med negative konsekvensar for skogsbruksnæringa.

– Vi ber om at formannskapet i Ørsta no tek tak, og gjer sitt til å få fortgang, og gjer sitt for at det skjer noko, seier styreleiar Ragnar Aarflot og styremedlem Olav Aambøe i eit brev til kommunen.

Det er utført grunnundersøkingar i samband med prosjektet, men dette meiner skogeigarlaget er unødvendig.

– Bygg 1 har fylt ut arealet sitt på same grunn som Ørstaterminalen, og fyller no ut meir. Ørstaterminalen er bygd på same grunn og har stått trygt i snart femti år. Volda og Ørsta Reinhaldsverk fekk bruke overskotsmasse for 10 år sidan og fylte ut det meste av baklageret. Dette har lege trygt og stabilt sidan, også med den lasta som har vore under tømmerkaia siste året. Ei ekkolodd-undersøking av sjøbotnen viser også jamn og fin fallande botn utover 130 meter. Det er lite truleg at ny grunnboring vil gi noko meir svar enn ei stor rekning, seier Aarflot og Aambøe.

Ordførar Stein Aam meiner det er viktig med grunnboring, for at saka vert kvalitetssikra så godt som råd.

– Eg held meg til formannskapet sitt vedtak om at vi skulle ta prosjektet i byggjesteg og bruke pengar på utgreiing av grunnforholda.

Dei faglege råda fortel oss at noko anna løysing ikkje vil vere forsvarleg. Denne saka må utgreiast skikkeleg, og vi kan ikkje ta sjansar, seier Aam. Han minner om at då det skulle realiserast ny tømmerkai på Stranda, gjekk det gale, og 20 millionar kroner rann på havet.

Ordførar Stein Aam meiner skogeigarlaget brukar eit unødvendig krast språk når dei vender seg til Ørsta kommune med brev.

– Eg meiner den tonen skogeigarlaget brukar i breva sine, og måten laget tiltalar folk i kommuneadministrasjonen og meg sjølv på, er uhøyrt. Eg vil stille spørsmål om vedkomande som skriv breva har dekning i skogbruksmiljøet, seier ordføraren.

Skogeigarlaget etterlyser svar på breva dei sender kommunen.

– Eg er overraska dersom skogeigarlaget no skal ha all korrespondanse skifteleg. Eg har dagleg kontakt med alle slags miljø gjennom samtalar, og har også snakka på telefon med leiaren i skogeigarlaget. Dette er ein effektiv og god måte å kommunisere på. Men skogeigarlaget skal få svar på alt i brev dersom dei ønskjer det, seier ordførar Aam.

Han lovar å gjere sitt til at tømmerkaia på Ørstaterminalen skal realiserast raskast råd.

– Dersom vi får eit pristilbod innanfor ramma, må prosjektet setjast i gang straks. Eg skal gjere mitt til at saka får raskast mogleg framdrift, seier Aam.