Folk står i kø for å stille ut på Fugl Fønix.

I eit par-tre år har Fugl Fønix i Ørsta sentrum late lokale personar som syslar med kunst av ulik slag få stille ut i den populære kaffibaren. Dette er noko kundane set stor pris på.

– Desse undervassbilda er veldig flotte. Og det er fint at vi også kan lese historia til bilda på veggene her, seier Karete Vatne, Maline Manseth Rebbestad og Silje Knutsen.

Dei naut eit godt føremiddagsmåltid på Fugl Fønix laurdag der undervassfotograf Lill Haugen no har fotoutstilling.

Randi Blichfeldt på kaffibaren synest det er flott at dei kan stille ut lokal kunst.

Supert

– Det er jo heilt supert for oss at her alltid er noko nytt på veggene våre som vi lånar ut til lokale kunstnarar som får vise seg fram. Tiltaket er miljøskapande og kundane våre set pris på dette. Kvar kunstnar får stille ut i to månader før det kjem ei ny utstilling, fortel Blichfeldt.

Interessa for å stille ut er stor, og kaffibaren er fullbooka ut september. All forteneste av eit eventuelt sal går til kunstnarane.

No er det altså Lill Haugen sine bilde som prydar veggene på kaffibaren. Ho er tre gonger noregsmeister i undervassfoto og har reist verda rundt på fotooppdrag under vatn.

– Men favorittområdet er sjølvsagt heime på Sunnmøre. Eg har etter kvart oppdaga at eg ikkje treng reise lenger enn til sunnmørske hav og fjordar for å finne unike og spennande motiv. Utover torsk og laks på middagstallerken og småkryp i fjøresteinane er livet i sjøen relativt ukjent for mange som ikkje dykkar. Og det er utruleg kva som finst sjølv i sunnmørske fjordar, og eg blir sjølv stadig vekk sjølv overraska: Kven visste vel at det finst englar i Vartdalsfjorden?, spør Haugen.

Samtidig meiner ho at også «kjedelege» kråkebollar og sjøstjerner kan verte flotte motiv, dersom ein er litt kreativ i komposisjonen.

Blant dei om lag 30 motiva på Fugl Fønix er bilete frå Lygnstøylvatnet, dykking med sel, i tillegg ei rekke motiv frå tareskogen på Runde og andre stadar på Sunnmøre. På utstillinga får ein også presentert historia bak enkelte av bilda.

Bilde under vatn: Lill Haugen er tre gonger noregsmeister i undervassfoto og har reist verda rundt på fotooppdrag under vatn. Foto: Roy-Arne Folkestad