Det seier Ada Sofie Austegard til Møre-Nytt.

Ho er medskipar av Stine Sofies Stiftelse, og onsdag var ho i Ørsta og snakka til barnehageforeldre, barnehagetilsette og representantar elles for dei etatane som arbeider med barn og unge.

Om lag 450 personar var til stades på Ørsta kulturhus der Ada Sofie snakka til og saman med dei i to ykter. Fyrst var det barnehagetilsette og representantar for barnevern, helseetatar osb., og der etter var det ein bolk til foreldre til born i seks barnehagar i Ørsta.

Ada Sofie Austegard opplevde det ingen mødrer eller foreldre vil oppleve. Hennar dotter, Stine Sofie, vart brutalt valdteken og drepen i Baneheia i Kristiansand. For Ada Sofie var det starten på eit livslangt engasjement for born som vert utsette for vald og overgrep, og ho starta Stine Sofie stiftelse. Stiftinga arbeider for å spreie opplysning om vald og overgrep mot barn, og for å setje desse sakene på dagsorden.

– Ei av utfordringane våre er at det ikkje er gode nok statistikkar på kor omfattande dette problemet er. Nokon seier at eit av sju born vert utsett for vald og/eller overgrep. Andre tal er høgare. Uansett, vi veit at dette problemet er stort i Noreg og den vestlege verda elles, fortel Austegard.

For henne er det viktig at barn vert tekne på alvor.

– Vaksne, både foreldre og tilsette i barnehage og skular, må lære å tolke signal på at overgrep har skjedd. Det er viktig at vi vaksne er klare over korleis lovverket er, seier Austegard.

Austegard meiner at det å snakke om vald og overgrep mykje tidlegare i barnehage og skule enn det som har vore vanleg, må kome.

– Vi er til dømes veldig opptekne av at born skal ha refleks i trafikken. Det er veldig viktig. Like viktig bør det vere at vi mykje tidlegare går inn med forplantningslære, og fortelje kva som er rett og gale, seier Austegard, og utfordrar elles politi og barnevern til å vere mykje meir proaktive.

Ho har opplevd at overgrep har vorte avdekt etter at ho eller andre frå stiftinga har vore ute og gjeve informasjon, men ho har også opplevd at vaksne har vorte urettmessig skulda for overgrep.

– Det er noko av det mest traumatiske som kan skje eit vakse menneske. Vi må ha takhøgd for at fagpersonar kan ta feil, begge vegar, seier Austegard.

Ho er likevel klar på at det å verte urettmessig skulda for å utøve vald mot barn er enklare å reparere enn ikkje å ta på alvor at barn vert utsette for overgrep.

Øydelagde

– Eg har opplevd å snakke med folk i godt vaksen alder, og som har vorte utsette for overgrep då dei var born. Liva deira har vore mest øydelagde, seier Austegard.

Difor insisterer ho på at vaksne, føresette som tilsette i barnehagar og skule, må ta signal på alvor.

– Det kan vere noko barn seier, eller det kan vere fysiske teikn på kroppen. Det er viktig å spørje og snakke med borna. Og ingen spørsmål er feil. Det er mykje betre å stille eit spørsmål som kanskje kan verke feil, eller ikkje å spørje i det heile, seier Austegard.

Hennar og stiftinga sitt arbeid kan for utanforståande verke tungt og dystert.

Ada Sofie Austegard vegår det, men påpeikar også at det har sine lyse sider. Det å sjå resultat, det å leite fram dei fine historiene, sjå engasjementet og sjå at arbeidet nyttar – det gjev ein spesiell glød.

– Faktisk er det vi held på med til tider gøy.

Det var Krokedalen, Barnas Vel, Hovdebygda, Rystene og Kvitveisen barnehage som arrangerte møtet onsdag.

Godt oppmøte: Til saman om lag 450 møtte i to sekvsensar på Ørsta kulturhus. Foto: Rune Sæbønes
Engasjert: Ada Sofie Austegard er engasjert i arbeidet for å opplyse om vald og overgrep mot barn og unge. Foto: Rune Sæbønes