Stabile tal for kyrkjene i Ørsta

Ørsta sokn

Det var totalt 12.099 deltakarar på dei 82 gudstenestene som var halde i Ørsta sokn i 2016. Dette er ein liten auke frå 2015, då deltakartalet var 11.527 fordelt på 87 gudstenester.

I 2016 (2015-tala i parantes) var det 111 (87) konfirmantar i Ørsta sokn, 16 (11) vigsler og 77 (52) gravferder. Det vart halde 32 gudstenester med dåp.

I Ørsta sokn kom det inn 199.452 kroner i offergåve/kollekt, der 80.156 kroner gjekk til eiga verksemd. Via givartenesta i kyrkjelyden kom det inn 24.600 kroner. Det vart også samla inn 2018.246 kroner av kyrkjelyden ved andre innsamlingar frå basarar, messer o.l.

Vartdal sokn

På Vartdal vart det halde totalt 27 gudstenester med til saman 1.914 deltakarar i 2016. Tala for 2015 var 2.082 kyrkjebesøkande fordelt på 32 gudstenester.

I 2016 (2015-tala i parantes) var det 13 (11) konfirmantar, ei (1) vigsle og 15 (16) gravferder. Det vart halde åtte gudstenester med dåp.

Det vart samla inn 73.682 kroner i offergåve/kollekt, der 36.716 kroner gjekk til eiga verksemd. Via givartenesta i kyrkjelyden kom det inn 8.400 kroner, og 18.998 kroner vart samla inn frå andre arrangement.

Storfjorden sokn

Storfjorden sokn på Bjørke hadde 19 gudstenester i 2016, mot 21 i 2015. Talet på besøkande gjekk noko ned, med 634 i 2016 og 737 i 2015. Der var ingen konfirmantar i fjor, og heller ikkje året før. Det vart halde to vigsler, mot ingen i 2015. Der var seks gravferder, mot to i 2015. Det vart halde ei gudsteneste med dåp.

Soknet samla inn 21.418 kroner gjennom offer/kollekt, der 8.037 kroner gjekk til eiga verksemd. Gjennom andre gåver, basarar og messer kom det inn 3.393 kroner.

Hjørundfjord sokn

Hjørundfjord sokn hadde 28 gudstenester i 2016 med totalt 1.930 besøkande. Tala for 2015 er 31 gudstenester og 3.175 besøkande. Der var seks (11) konfirmantar, ei (4) vigsle og 16 (16) gravferder. Det vart halde åtte gudstenester med dåp. I offergåve/kollekt kom det inn 45.203 kroner, der 25.099 kroner gjekk til eiga verksemd. Via andre innsamlingar kom det inn 10.821 kroner.

Det kjem ikkje fram av statistikken kor mange dåpsbarn det var i kvar kyrkje, eller korleis medlemstalet har utvikla seg i dei ulike sokna.