Klare ord frå administrerande direktør i Tussa, Elling Dybdal, på møte i Aasen-tunet måndag.

Som ein av fleire næringsdrivande i området ved flyplassen, brenn han for å få orden for trafikkflyten i flyplasskrysset.

Det er venta trafikkvekst i området då det ligg føre planar om fleire nye bustadområde.

– Det er planar om 160 nye bueiningar i Rystene som skal koplast på den nye Leitevegen. Så er det vedtak i kommunestyret om å prioritere utbygging mellom Rystefeltet og R-senteret. Og nyleg vart det lagt fram planar om fleire bustader i Ytre-Hovden. Og kvar ligg nærbutikken? På R-senteret. Trafikken i flyplasskrysset vil auke i åra framover, sa Petter Bjørdal, som er dagleg leiar for Ørsta og Volda reinhaldsverk. Også ei verksemd som er brukar, og har kundar som nyttar seg av flyplasskrysset og Torvmyrvegen.

– Torvmyrvegen er viktig og vil avhjelpe noko mot trafikkveksten som vil kome i flyplasskrysset. Vi må ikkje gløyme at krysset er ein del av problemet. Men Torvmyrvegen er viktig for å knyte saman næringsområda på begge sider av kommunegrensa, sa Bjørdal.

– Her må vi prioritere å få til ei lenging av Torvmyrvegen før vi lagar kaos i flyplasskrysset med ei ombygging. Eg er alvorleg skremt av kva de legg opp til av planlegging. Her må vi tenke på rekkefølga ting vert gjort i, sa Dybdal.

– Men det viktigaste Volda og Ørsta gjer no er å ta lærdom frå erfaringar elles i fylket. Der dei slest mest, gjeng det lengst tid å få ting realisert. Vi må sette oss ned saman og verte samde om prioriteringane. Då kan vi kome oss opp og fram i staden for å falle av lasset fullstendig, oppmoda Bjørdal.