Ordførar Stein Aam kom med krass kritikk til samfunnsutvalet for handsaminga av saka om Osgeila tysdag. Utvalet starta handsaminga av saka, men med steile frontar, bad utvalsleiar, Inge Kolås (Frp) om at det vart halde gruppemøte, og heile utvalet forlèt møtet og sette seg på eit anna møterom for å diskutere. Her vart dei sitjande i ein time, medan publikum, fleire frå Osgeila-området, sat att og venta på møterommet.

– Eg likar ikkje den tonen frå ordføraren. Eg reagerer på at vi får truslar om at kommunestyret skal ta over. Vi er eit fleirtal i utvalet som er samde om kva vi vil, sa Hege Robudal Stenkløv (H). Ho fekk støtte frå fleire.

– Det toppar seg litt når ordføraren seier dette. Det kjennest litt som om vi får truslar om at saka vert teken frå oss om vi ikkje føyer oss. Vi skal ikkje føle oss trua til å endre meining. Vi må gjere noko med arbeidsvanane våre i dette utvalet, sa Einar Holsvik (H).

Ordføraren modererte seg noko etter dette.

– Det er ikkje noko eg ville ha teke lett på. Har de eit fleirtal i saka, så gjer de det vedtaket. Har de eit gyldig vedtak er det ingen tvil om at det får stå. Ikkje misoppfatt meg, sa han.

Nullstille

Bakgrunnen for at Osgeila-saka var oppe i samfunnsutvalet tysdag er etter eit krav frå Astrid Bjørdal (Ap), Alexander Riise Olsen (Ap), Pauline Vartdal Vinjevoll (Frp), Einar Holsvik (H) og Hege Robudal Stenkløv (H). Også Frida Gillberg (MDG) stilte seg bak dei på møtet. Dei ønskte ei vurdering på om vedtaket som vart gjort i saka 3. januar i år, var fatta på rett grunnlag.

– I januar gjorde vi eit vedtak utan skikkeleg sakshandsaming i botnen. Vi kan ikkje grave oss ned i enno meir rot i denne saka. Difor ønskjer vi å nullstille det vedtaket, sa Astrid Bjørdal.

– Eg tek sjølvkritikk på at eg ikkje reagerte under møtet i januar. Eg hadde ei dårleg magekjensle allereie då eg gjekk ut døra, kommenterte Hege Robudal Stenkløv.

Det var leiar Inge Kolås som kalla inn til møtet i januar. Der var det synfaring i Osgeila, før eit samrøystes samfunnsutval gjorde vedtak der dei la fram ønske om mellombelse trafikktryggingstiltak. Dette skulle vidare ut på høyring, og til slutt verte lagt fram for Statens vegvesen for handsaming.

Men fleire av utvalsmedlemen var ikkje klar over at dei ikkje hadde fått på plass settekommune før dei stilte på møtet i januar. I mai i fjor vart det gjort vedtak om å få ein settekommune til å handsame Osgeila-saka, då administrasjonen er ugild i saka. Men dette har ikkje kome på plass, før i etterkant av januarmøtet, etter initiativ frå Inge Kolås sjølv.

– I møtet i januar føler vi at vi gjorde eit forhasta vedtak. Vi følte at vi ikkje fekk debattert skikkeleg og at vi ikkje fekk svar på spørsmåla vi hadde om settekommune. Vi reagerte med ein gong etter møtet. Kva skjedde no? tenkte vi. Det einaste rette er å gjere vedtaket om inkje og la ein settekommune sjå på saka, sa Bjørdal.

Samfunnsutvalet var samde om å nullstille vedtaket frå januar, men leiar Inge Kolås oppmoda også om at dei då skulle nullstille vedtaket dei gjorde i september, då dei i eit oversendingsframlegg bad settekommunen (som dei trudde var på plass) om å vurdere montering av ein fjernstyrt bom som løysing på trafikkproblema i geila.

– Gjer vi om inkje også dette vedtaket, då har settekommunen blanke ark og står fritt til å handsame saka, utan føringar, sa Kolås, som sterkt oppmoda utvalet om å stå samla i saka.

– Men alt som er gjort i saka fram til september er gjort på eit anna grunnlag. Det er korrekt gjort. Det er ting som har skjedd etter dette vi reagerer på. Difor meiner vi at det er nok å gjere om januar-vedtaket, sa Bjørdal.

Dette støtta Pauline Masdal Vinjevoll.

– Det vil vere rart å nullstille eit vedtak frå september som er fatta på rett grunnlag. Då vert det raskt spekulasjonar. Det treng vi ikkje meir av i denne saka. Det som det er snakk om her er å nullstille eit vedtak som er gjort på feil grunnlag, sa ho.

Vedtak

Inge Kolås sitt framlegg om å nullstille begge dei to vedtaka fekk tre røyster å fall. I framlegget sa han også at settekommunen skal handsame saka på nytt, utan føringar frå Ørsta, og at dei skal stå fritt til å handsame saka.

Fleirtalet på seks gjekk inn for å nullstille januarvedtaket. I punkt to seier dei at vedtaket frå september 2016 vert ståande, men utan oversendingsframlegget om fjernstyrt bom, slik at settekommunen står fritt til å handsame saka utan føringar for kva vedtak dei skal gjere.