– Det som kunne forseinka planen var seismikkundersøkingane. Dersom det er tele i bakken, er det vanskeleg å bruke seismisk utstyr. Men mildt vintervêr har gjort at dette gjekk fint, og Statens vegvesen meiner dei vil ha eit framlegg til plan klart rundt påsketider. Deretter skal han handsamast av Voldakommune. Men vi har avklart dei fleste konfliktane i området i samband med arbeidet med kommunedelplanen for området. Det er nokre detaljar som må avklarast, men det bør gå greitt, seier ordførar Jørgen Amdam i Volda.

Målet er at Voldatunnelen får plass på Nasjonal Transportplan, som regjeringa legg fram i løpet av våren. Statens vegvesen har peikt på prosjektet som eit av få i Møre og Romsdal som er samfunnsøkonomisk lønsame, og Amdam meiner difor det er all grunn til å tru at prosjektet kjem med.

– Og vi meiner at eit så gryteklart prosjekt bør få byggestart i løpet av den første fireårsperioden av NTP, seier Amdam.