– For å sikre ei heilskapleg leiing av føretaket har vi valt ein gjennomgåande klinikkstruktur og stadleg leiing ved kvart enkelt sjukehus. Tilsette ved alle sjukehus i fylket har vore med i arbeidet med utviklinga av pilotprosjektet. Eg er derfor trygg på at piloten vil gi oss viktig kunnskap og erfaringar som vi kan nytte for å kome fram til ei god løysing for stadleg leiing i føretaket, seier adm.dir. Espen Remme i ein artikkel publisert på Helse Møre og Romsdal sine heimesider.

Pilotprosjektet startar i februar og varer i tre månader.

Innhald i pilotprosjektet

Løysinga som blir testa ut i Volda inneheld fem ulike tiltak:

Opprette ei koordinerande løysing ved kvart enkelt sjukehus, som organiserer felles møte der leiarar frå dei ulike klinikkane diskuterer og behandlar felles interesser og prosessar som går på tvers av den organisasjonsmodellen, gjennomføre enkle, lokale koordineringsmøte etter behov, tydeleggjere ansvarsområde knytt til drift og eigedom, stadlege leiarmøte saman med leiargruppa og stadleg leiarsamlingar ved sjukehuset.

Leiinga jobbar no med å få på plass ein koordinatorfunksjon ved Volda sjukehus som får ansvar for å gjennomføre og utvikle piloten

– Eg opplever eit stort engasjement frå tilsette som ønskjer å sikre stadleg leiing ved sjukehusa. Mange er spente på korleis den skisserte løysinga vil fungere i praksis og det får vi no testa ut, seier Remme.

Utdrag frå rapporten

Koordinatoren organiserer felles møte der leiarar frå ulike klinikkar diskuterer og behandlar felles interesser og prosessar som går på tvers av organiseringa. Koordinatoren skal bidra til å:

Styrke samhandling mellom einingar til dømes knytt til utstyr, optimalisere kapasitet og areal, støttefunksjonar og personalressursar, legge til rette for god pasientflyt, treffe heilskaplege og overordna vedtak, førebygge og løyse opp i usemjer og konfliktar, samhandle og samarbeide lokalt, informere og kommunisere internt i sjukehuset og kringliggande lokasjonar, avklare rykte og skape eit godt arbeidsmiljø internt i sjukehuset

Formålet med å ha ein koordinator ved kvart enkelt sjukehus er å handtere problemstillingar, utfordringar og usemjer ved sjukehuset som går på tvers av organiseringa av verksemda.

Fakta om Volda sjukehus

Volda sjukehus har om lag 450 tilsette og eit opptaksområde på om lag 42.000 innbyggjarar fordelt på sju kommunar. Det er i tillegg inngått ein formell avtale med Helse Vest RHF og Helse Midt-Norge RHF om at fødande i Nordfjord kan bruke Volda sjukehus. På grunn av kortare reiseveg til Volda sjukehus, vel også delar av befolkninga i Nordfjord å få si behandling ved sjukehuset gjennom fritt sjukehusval. Dette er særleg aktuelt etter at Kvivsvegen opna i 2012.

Ålesund sjukehus har om lag 2.400 tilsette, og har eit opptaksområde på om lag 100.000 innbyggjarar fordelt på 11 kommunar. Ålesund har i tillegg ein del fylkesfunksjonar, til dømes kreftkirurgi, onkologi og neonatal medisin.

Pasienterfaringsundersøkinga frå 2015 viser at pasientane er særs nøgde med behandlinga ved Volda sjukehus. Volda skårar betre enn landsgjennomsnittet på alle indikatorane, og den høgaste skåren i undersøkinga var på opplevinga av at helsepersonell har ein god dialog med pasienten/pårørande.

Volda sjukehus opplever, på linje med andre sjukehus, at det i periodar er utfordrande å rekruttere fagfolk. Ofte lukkast ein best når personar frå lokalbefolkninga ønskjer å flytte heimatt for å ha turnusteneste ved sjukehuset, og deretter fortsette som LIS (Lege i spesialisering). Høgskulen i Volda er ein viktig bidragsytar for å skaffe jobb til ektefelle, i tillegg til at landfast samband mot kommunane på ytre søre Sunnmøre også er med på å auke arbeidsmarknaden.