Det stadfestar stortingsrepresentant Pål Farstad i ei pressemelding måndag føremiddag. Avdelingskontoret i Ørsta har vore trua sidan styret i Lånekassa i fjor sommar vedtok å legge ned kontoret.

Dermed ville 22 personar miste arbeidet sitt.

– Dette måtte vi få stoppa, seier Farstad i pressemeldinga.

– I utfordringane som er med dei vanskelege tidene på Vestlandet, kan ikkje styresmaktene svare med å legge ned statlege arbeidsplassar, legg han til.

Det var under FrP sitt statsrådbesøk i Ørsta at dei tilsette fekk den gode nyhenda om at arbeidsplassane deira likevel ikkje står i fare. Både innvandringsminister Sylvi Listhaug og mat- og landbruksminister Jon Georg Dahle var på Ørsta-besøk for å gi dei tilsette beskjeden om at kontoret skal vidareførast.

– Vi er sjølvsagt veldig glade for at kontoret vårt skal vidareførast. Det var stor jubel og glede blant då eg fekk formidla det til alle saman, seier regiondirektør i Lånekassen i Ørsta, Solveig Festø.

Legg ned i Bergen og Tromsø

Kunnskapsdepartementet seier i ei pressemelding at Lånekassa får løyve til å leggje ned kontora i Bergen og Tromsø. Desse har om lag tjue tilsette kvar. I tillegg vert det ei nedbemanning på tretti til trettifem årsverk ved kontoret i Oslo. Der er det kring to hundre årsverk no. Kontora i Stavanger, Ørsta og Trondheim skal halde fram.

– Ei rekke tenester er blitt digitalisert og automatisert. Det fører til at Lånekassa ikkje treng så mange medarbeidarar som før for å behandle sakene, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.