Formannskapet gjekk samrøystes inn for Nakkestranda hytte- og bustadfelt på Vatne i Åmdalen, men det vart stilt spørsmål ved jordvernet i saka.

- Er dette ein type sak der vi bør vere obs på nedbygginga av jord. Eg seier ikkje at det er noko gale med desse planane, men eg vil vite om vi bør vere merksame på det, spurde Gunnar Knutsen (V).

- Landbruksmyndet har vore inne i bildet her, og det dreier seg stort sett om gammal og attvaksen jord, som held på å gro att. Så vi bør vere obs på dete, men dette området er ikkje det mest utsette, svarte ordførar Stein Aam (Sp).

- I slike diskusjonar må vi vekte omsyna. Det er ikkje alle gamle teigar vi som er like verdifulle i dag, sa Per-Are Sørheim i diskusjonen.

Saka går no vidare til kommunestyret.