Samarbeidet om pedagogisk-psykologisk teneste for ungdom i Ørsta og Volda har hatt utfordringar i mange år. Dei har hatt problem med bemanninga og slite med å levere den tenesta kommunane er lovpålagde å tilby. I tillegg har tenesta slite med arbeidsmiljøet.

I 2016 vart det gjennomført ei organisasjonsanalyse for PPT Volda og Ørsta av Stamina Census. Stamina Census sitt råd var å søke samarbeid med andre og fleire kommunar om tenesta. Dei meiner dette vil kunne gi ein stor nok organisasjon med større kompetanse og meir fleksibilitet på organisering og oppgåvefordeling.

Ørsta og Volda kommunar bestemte seg for å følge rådet frå Stamina, og det dåverande PPT-samarbeidet vart avslutta i 2016.

– Sonderingar hausten 2016 om eit felles PPT for Ulstein, Hareid, Volda og Ørsta har gitt resultat. Alle kommunane er positive til samarbeid etter vertskommunemodellen om eit felles PPT med kontor i Ulsteinvik, skriv rådmann Wenche Solheim i eit notat til formannskapet. Dette vart lagt fram under formannskapsmøtet torsdag.

Ulstein kommune jobbar no med eit forslag til vertskommuneavtale, og vil kalle dei tre andre kommunane inn til møte så snart forslaget er klart. Det blir også lagt eit felles løp for politisk handsaming i kommunane.

– Målet er eit felles PPT så snart det er praktisk mogleg, skriv rådmannen.

Det er også sett i gang ein medarbeidarprosess mot dei tilsette i PP-tenesta i Ørsta og Volda, for å kartlegge kva ønske desse har for framtida.

Ideell storleik

– Vi får no ein ideell storleik på tenesta. Det er faktisk også bra at ho ikkje blir større enn fire kommunar. Dette er også dei same fire kommunane som samarbeider om barnevern, og vi vil lage ein avtale som byggjer på denne når det gjeld kostnadsdeling. Det er også viktig for oss å få ei teneste med fokus på førebyggjande tiltak og tidleg innsats i kvar skule og barnehage.

Hans Olav Myklebust (Frp) stilte spørsmål ved om ikkje fylkeskommunen også burde vere del av samarbeidet.

– I overgangen frå grunnskule til vidaregåande skule er det viktig med ei teneste som kjenner eleven, meinte han.

Rådmannen svarte at det går føre seg tøffe forhandlingar med fylkeskommunen, og at usemja dreier seg om kostnadsfordeling. Karen Høydal (Ap) og Gunnar Knutsen (V) stilte spørsmål ved om ikkje det vil vere behov for eit møterom eller liknande i Ørsta, liknande det barnevernet i dag har i Ulstein og Hareid.

– Det blir ein slik møteplass, men vi skal ikkje ha noko avdelingskontor for PPT i Ørsta. Det meste av arbeidet til teneste går føre seg ute på skular og barnehagar, svarte Wenche Solheim.