– Vi ser stadig fleire artar av dyr som blir påverka av plast og anna forsøpling i havet. Det handlar både om at dei et plasten, men også om at dei set seg fast i spøkelsesgarn. Vi reknar no med at det er 700 artar som er berørte av plastproblemet i havet, seier Geir Wing Gabrielsen, forskar ved Norsk Polarinstitutt.

Sist helg var han på Runde for å halde foredrag i samband med at Runde miljøsenter opna ei utstilling om plast i havet.

Gabrielsen har forska på problematikken i havet i ei årrekke, og trekker fram havhesten som eit døme på ein fugl som har fått merke plastproblema i havet.

– Då det vart undersøkt, var det berre i fire av førti fuglar det ikkje var plast i magen. Fuglane, som kan blir 60-70 år gamle, trur plasten i overflata er mat. Vi ser også at det er meir plast i fuglane som lev lenger sør enn dei som lev i nord.

Hushaldningar

Forsøplinga i havet varierer med geografien. Medan utsleppa lenger nord i hovudsak kjem frå fiskeri og anna næringsverksemd, er utsleppa sør på norskekysten lenger sør i Europa hovudsakleg frå hushaldningane.

– Ein rapport frå World Economic Forum viste at berre 14 prosent av plasten blir resirkulert, seier Gabrielsen.

Den same rapporten seier at heile 32 prosent av plastforbruket i verda forsvinn ut i miljøet. Skrekkscenarioet til World Economic Forum er at det i 2050 vil vere meir plast enn fisk i havet.

– Då kan vi berre tenke oss konsekvensane. I tillegg er det berre ein liten del av plasten som flyt. Svært mykje legg seg på havbotnen, seier Gabrielsen.

Når økosystema i havet blir påverka av plasten, får det også konsekvensar for dei som driv næring i havet. Fiskeri og oppdrettsnæring kan merke plastproblemet i havet, meiner forskaren.

Han meiner det er avgjerande at folk er bevisste på plastbruken sin, og kvar han blir kasta.

– Eg synest særleg plastemballasjen på frukt og grønsaker er frustrerande. Det er iallfall ikkje naudsynt å kjøpe ferdig skrella appelsiner som er innpakka i plast. Vi bør blir mykje meir medvitne rundt korleis vi brukar plast, og kva vi gjer med det etter bruk. Å kaste plast på havet er å drite i eige matfat.