Meteorologisk institutt har sendt ut farevarsel om kraftig nedbør i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane frå torsdag ettermiddag til fredag ettermiddag. Det er venta å kome 70-100 mm nedbør i løpet av 24 timar.

Noregs vassdrags- og energidirektorat har sendt ut varsel om betydeleg snøskredfare på Sunnmøre fredag. Torsdag er det moderat fare. Vinden tek seg opp fredag og det er venta store snømengder. Difor er det varsel om snøskredfare over 1.000 meter.

Flaumfaren er førebels vurdert til å vere på moderat nivå både torsdag og fredag.