Kommunen har skrive avtale med NEE (Norsk Enøk og Energi) om gjennomføring av tiltaka. Arbeidet skal gjerast i perioden 20. januar 2017 til 1. mai 2018, opplyser kommunen i ei pressemelding.

Prosjektet er delt i to, der kommunen sjølv gjennomfører tiltak for inntil 45 mill. kroner, og i samarbeid med NEE for inntil 45 mill. kroner.

Til saman blir det gjennomført 220 tiltak fordelt på dei 24 bygningane. Omfanget av tiltaka strekkjer seg frå nattsenking av temperatur og installasjon av nye varmepumper, til infoskjermar og nytt tak på Volda samfunnshus. Opplæring inngår også i avtalen.

Investeringa i energisparande utstyr blir finansiert av reduksjonen i energiforbruk. Er det spart meir energi enn avtalt, deler kommunen og entreprenøren overskotet. Dersom det er spart mindre energi, må entreprenøren betale mellomlegget til kommunen. Dette systemet går under namnet sparegaranti, eller EPC.