Guten, som er under 18 år, var tiltalt tjuveri frå butikk i Herøy, biltjuveri i m.a. Ålesund og Ørsta, oppbevaring av narkotika, sal av tjuvegods og sju tilfelle av køyring utan gyldig førarkort. I retten erkjente guten seg skyldig.

Totalt var guten tiltalt for nitten lovbrot i eit tidsrom på ti månader. Etter ei samla vurdering kom retten fram til at ein vilkårsbunden reaksjon ville vere riktig straff med det særvilkår om at guten gjennomfører ungdomsoppfølging i konfliktrådet. Guten vart dømd til 120 dagar i fengsel. Fullbyrdinga av straffa vart utsett med ei prøvetid på to år.