– Lokalisering av både bustader og hytter i dette området vil truleg gje eit attraktivt tilbod, då området m.a. er sentralt i høve skianlegget på Bondalseidet, friområdet ved Vatnevatnet, fjellområda kring Hjørundfjorden og Ørsta sentrum, skriv rådmannen i sakspapira til Ørsta formannskap.

I planframlegget er det lagt opp til seks bustadtomter lengst nord i planområdet. Det er lagt opp til relativt romslege tomter, der fire er på litt over eitt mål, og to er på om lag 1,5 mål.

Størsteparten av planområdet er foreslått til hyttebygging. Planframlegget opnar for 25 tomter for fritidsbustader med ulike tomtestorleik.

Det har kome inn nokre merknader til planen. Mellom anna har landbruksnemnda gjort vedtak om at dei vil vektlegge bustadbygging framfor hyttefelt, då hytter også kan verte lokalisert på areal mindre sentralt i kommunen.

– Om ein ser bustadtomtene som ligg i planframlegget og det regulerte feltet på Brautaset samla, vil dette truleg dekke behovet for bustader i lang tid framover. Spørsmålet då er om det er rett å legge til rette for hytter på dei resterande områda, noko som vil hindre at det kan byggast bustader her på lenger sikt. Rådmannen kan ikkje sjå at det er avgjerande for å vareta behovet for bustadbygging i kommunen samla sett at dette arealet vert sett av til bustad, svarar rådmannen.

Der er også merknad frå fylkeskommunen med ønske om å ta vare på den såkalla Misjonsåkeren.

– Misjonsåkeren er registrert i kulturminneatlas, og i omtalen er det sagt at misjonsfolk dyrka vekstar som dei selde til inntekt for misjonen. Åkeren er attvaksen i dag, men ein kan framleis skimte konturane av ein åker. Det er uklart kva tid åkeren vart broten, og kva tid drifta vart avslutta, men den var truleg i bruk kring 1910–1915. Konsekvensen av å «frede» Misjonsåkeren ville truleg vere at ein god del av planområdet måtte gå ut eller verte vesentleg endra. Rådmannen meiner at misjonsåkeren ikkje har ein slik verdi som kulturminne at ein bør ta ut dei aktuelle byggeområda frå planen.

Rådmannen rår politikarane i formannskapet å godkjenne detaljreguleringsplanen. Saka skal opp til endeleg avgjerd i kommunestyret.