Messa er ei av verdas største forbrukarmesser for landbruk, mat og friluftsliv.

Dei åtte ostane frå Ørsta dei fire smørbare Snøfrisk-variantane, Snøfrisk kvitost (som går under namnet Kvitlin i Noreg), i tillegg til brunostane Ekte Geitost, Bestemorost og Julebrunost.

- Som kjent er det aukande interesse for julebrunosten i Danmark. No blir det spennande å sjå kva tyskarane og publikum frå andre land synest om den, skriv Tine i ei pressemelding.

30-årsjubileum

Noreg er representert med ein stor paviljong, i regi av landbruks- og matdepartementet, i samarbeid med Innovasjon Norge og ambassaden i Berlin. Den norske paviljongen på messa feirer 30-årsjubileum i år. Han blir opna av landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

- Internationale Grüne Woche er ein viktig profileringsarena og ein sentral møteplass for alle som arbeider i skjeringspunktet mellom mat, opplevingar og reiseliv, skriv Tine.

Messa foregår mellom 20. og 29. januar, og samlar over 1.500 utstillarar, meir enn 100.000 produkt og over 5.000 journalistar frå 70 land. Til saman er det venta kring 400.000 besøkande.

Det er fleire avdelingar i den norske paviljongen, og Ørsta-meieriet sine produkt er presenterte i ostehjørnet.

Opning: Landbruks- og matminister Jon Georg Dale opnar den norske paviljongen under Grüne Woche. Bildet er frå opninga i 2016. foto: Landbruks- og matdepartementet Foto: LMD