Det kjem fram i Ungdata-undersøkinga gjennomført blant elevar på fyrste årstrinn i den vidaregåande skulen frå Ørsta.

Ungdata-granskinga vert gjennomført med jamne mellomrom i same aldersgruppe.

Granskinga i fjor vart gjennomført i veke sytten til nitten, og den førre granskinga var i 2013, og gjennomført i vekene 38 til 41.

Granskinga syner ei endring i unge sine haldningar og forbruk av rusmiddel i Ørsta. Det er færre som nyttar rusmiddel, i mest alle former.

Ungdata-tala syner at det medan i 2013 var 72 prosent av dei spurde som ikkje røykte, er det talet i 2016 på 88 prosent. Ti prosent svarar i 2016-granskinga at dei røyker sjeldnare enn ein dag i veka, medan to prosent røyker dagleg. I 2013 var det sju prosent som svara at dei røykte dagleg.

Også forbruket av snus går ned. I 2013 svara 66 prosent at dei ikkje nytta snus. I 2016 er det 88 prosent som svarar at dei ikkje snusar. Åtte prosent svara i 2013 at dei snuste sjeldnare enn ein gong i veka. I 2016 har fem prosent svara at dei snusar ein gong eller sjeldnare i veka. Medan 14 prosent i 2013 svara at dei snusa kvar veke, er det talet redusert til 3 prosent i 2016.

Og det er berre fire prosent av dei unge som snusar kvar dag, mot fjorten prosent i 2013.

Alkohol

På spørsmål om det hender at du drikk alkohol, svarte 43 prosent i 2013 at dei aldri eller berre nokre få gonger har smakt alkohol. I 2016 svara 56 prosent at dei aldri eller berre nokre få gonger har smakt alkohol.

Det er også fleire som drikk meir sjeldan. I 2013 svara 26 prosent at dei drakk av og til, men ikkje så ofte som månadleg. Dette prosenttalet har stige til 31 prosent i 2016.

Samstundes er det langt færre som drikk ofte. I 2013 svara 23 prosent at dei drakk alkohol ein til tre gonger i månaden, medan talet er redusert til 13 prosent i 2016. Og medan sju prosent svara at dei drakk alkohol kvar veke i 2013, er det talet redusert til ein prosent i 2016.

56 prosent av dei som har svart i 2016, seier at dei aldri har vore rusa i løpet av dei siste seks månadene. I 2013 var talet 38 prosent. Tretten prosent av dei spurde i 2016 svarar at dei har vore rusa fem gonger eller meir. I 2013 var dette talet tjueto prosent.

Dei unge i granskinga har også vorte spurt om foreldra deira gjev dei lov til å drikke alkohol. Her svarar 26 prosent i 2013 at dei fekk lov, medan talet i 2016 var redusert til 21. Femti prosent svarte i 2013 at dei ikkje fekk lov, medan denne prosentdelen har auka til 57 prosent i 2016. Altså kan det verke som om foreldre har vorte strengare andsynes borna sine om alkoholbruk.

Narkotika

Det har også vorte spurt om bruk av narkotiske stoff. Her er tala veldig små. I 2013 svarte to prosent at dei hadde brukt marihuana eller hasj, medan tre prosent svara at dei hadde brukt dette i 2016-granskinga. Spørsmålet var om du hadde brukt dette minst ein gong i løpet av det siste året.

Svara for om ein brukt andre narkotiske stoff har dei same tala som for hasj og marihuana.

Dei unge har også vorte spurde om kor tilgjengeleg narkotiske stoff er. Spørsmålet var om dei ville ha greidd å skaffe hasj eller marihuana i løpet av to eller tre dagar. I 2013 svara 41 prosent at dei trudde dei ville ha greidd det, medan 31 svara at det hadde vore mogleg i 2016.

Fire prosent av dei spurde svara i 2016-granskinga at dei har vorte tilbodne hasj eller marihuana fleire gonger i løpet av det siste året. I 2013 var det sju prosent som svara ja på dette spørsmålet.

Diagram: Bruken av rusmiddel er redusert i Ørsta blant sekstenåringane. Foto: ill