Statens vegvesen har tidlegare signalisert at dei ynskjer færre men større rasteplassar langs stamvegnettet. I samband med bygginga av Kvivsvegen og Hjartåbergtunnelen, vart det etablert ein større rasteplass ved Hjartåberget. Mellom Hjartåberget og Solavågen er det ikkje nokon større etablert rasteplass.

– Ørsta kommune vil oppmode om at det vert etablert rasteplass ved gamle Rjåneset ferjekai i Ørsta kommune. Rjåneset peikar seg ut som ein naturleg stoppestad, om lag midt mellom dei alt etablerte/planlagde rasteplassane på Solavågen og i Hjartåberget. I tillegg tilfredsstiller Rjåneset dei fleste prinsippa som Statens vegvesen legg til grunn for struktur og fasilitetar på rasteplassane, skriv teknisk sjef Rolf Magnus Sundgot til vegvesenet.

Han peikar på at vegvesenet i retningslinene seier at rasteplassane skal gje trafikantgrupper eit tilbod om stopp, rast og kvile for minst kvar time.

– Rasteplassen på Rjåneset vil liggje om lag midt mellom Solavågen og Hjartåberget, med om lag trettifem minutts køyretid til Hjartåberget (32 km) og 45 minutt til Solavågen (30km + ferje), skriv Sundgot.

Trafikksikkert

Han peikar på at det allereie er etablert eit trafikksikkert kryss ut frå og inn på E39.

– Rasteplassen vil liggje godt skjerma frå trafikken på E39 både med tanke på trafikktrygging og støy på rasteplassen. Rjåneset ligg også som ein naturleg stoppestad langs E39 med flott utsikt over Rovdefjorden, Vartdalsfjorden og med eit av landemerka i Ørsta, Liadalsnipa, i søraust, reklamerer Sundgot.

Vegvesenet har i retningslinene eit punkt om at rasteplassane skal stimulere til kommersiell verksemd. Her viser Sundgot til at Rjåneset har mulegheiter.

– Rjåneset er eit mykje brukt utfartsområde, særleg i sommarhalvåret med badestrand, småbåthamn, fiskeplassar og rorbuer til utleige rett ved. Her bør såleis vere gode mulegheiter for etablering av til dømes kiosk, gatekjøkken eller liknande kommersiell verksemd, skriv Sundgot.

Reguleringsmessig er det heller ikkje noko til hinder for ein rasteplass, då Rjånes-området er regulert til rasteplass, parkering og kiosk.

Etablert: Det er rasteplass på Øye, men det er utanfor stamvegnettet.