– Kvartalet ligg i kjernen av Ørsta sentrum, og har ein sentral posisjon i sentrumsbildet og alle sider av kvartalet har viktige roller, skriv Ose ingeniørkontor, som har laga forslaget. Ingeniørkontoret held sjølve til i kvartalet, og sender innspelet på vegner av bedrifta som grunneigar og Trond Ose.

Områdeplan

Innspelet kjem som del av høyringa om områdeplanen for Ørsta sentrum, som kommunen no jobbar med.

Sivilarkitekt Oddhild Fausa i Ose ingeniørkontor meiner området har potensial.

– I dag står kvartalet fram som delvis utvikla, med større samanbygde volum i midten og nokre opne, udefinerte areal på kvar side, skriv ho i forslaget.

Ho meiner bygga langs Webjørn Svendsen-gata (Ørsta Torg) står fram bra, som tilpassa sentrumsbygg i tidsmessig kvalitet.

Mot Vikegata er det stor variasjon av oppgraderingar. Deler av dette er knytt til Ørsta Torg i Svendsen-gata, og har samle kvalitet som desse. Andre delar er eldre, medan særleg Vikegata 19 står fram lite tilpassa den større utbygginga i kvartalet elles. Ivar Aasen-gata 4 og Webjørn Svendsen-gata 2 er også eldre bygg, påpeiker Fausa.

Ho meiner dette kvartalet har vorte lite vurdert i utviklingsplanen for sentrum, som det danske arkitektfirmaet FELT har utarbeidd. Her står fram kvartalet framleis som ufullstendig. Ose ingeniørkontor har difor sett nærare på korleis kvartalet kan bli utvikla.

To hjørne

Det er særleg to hjørne dei meiner er viktige i sentrumsstrukturen i Ørsta: I krysset Ivar Aasen-gata (E39)/Webjørn Svendsen-gata og i krysset Ivar Aasen-gata/Vikegata (sjå bilde).

– Hjørnet mellom Vikegata og E39 meiner vi bør byggast ut, og ikkje stå fram ope, som i dag. Den opne løysinga gir inga markering av gatekrysset. Ganglinjer mellom E39-kryssinga og Amfi kan gå innandørs gjennom kvartalet og vi kan behalde grøntarealet i den sørlege enden, skriv Fausa.

Rundt Vikegata 21 foreslår ho meir utbygging og fortetting for å skape ein betre samanheng i dei utbygde områda rundt kvartalet. Vikegata 19 vil ho utvide mot vest og sør og bli bygt saman med Vikegata 21. Det kan til dømes gjerast med eit glasbygg, meiner Fausa.

– Desse bygga må bli innarbeidde i planane retta mot ei fullverdig, bymessig utbygging med eit heilskapleg kvartal.

Like høge

Sivilarkitekten meiner at bygga må vere like høge i eit slikt kvartal, og vil difor heile kvartalet må bli like høgt som toppetasjen på Vikegata 17 og Webjørn Svendsen-gata 21.

Det betyr at gesimshøgda mot gatearealet blir auka til ni meter. Gesimshøgda mot indre del av kvartalet blir 12 meter og mønehøgda 15 meter.

Ose ingeniørkontor ber om at innspelet blir lagt vekt på i handsaminga av områdeplanen.