Det seier dagleg leiar Hans André Sørvik som er godt nøgd med fjoråret og utviklinga i MC-Deler AS. I 2015 byrja den familiedrivne verksemda å satse på kapitalvarer. Dei fekk inn nye merker og dette gav verksemda eit løft.

– I 2014 hadde vi ei omsetning på 16 millionar kroner, og i 2016 enda vi på 28 millionar kroner. I 2015 hadde vi ei omsetning på 22 millionar kroner, og vi trudde kanskje at det var toppen. Vi vart veldig overraska over at vi hadde ein vekst på over 25 prosent i fjor.

MC-Deler avslutta 2016 godt med fleire sal, og enda opp med den beste desember-månaden i historia til verksemda. Sjølv om det er dårlegare tider i ulike bransjar har ikkje MC-Deler merka noko nedgang i salet.

– 2015 var vi veldig nøgde med, og vi hadde forventa at vi skulle merke krisestemninga i enkelte bransjar. For vår del har det ikkje påverka salet, og dei som har pengar brukar pengar som før.

Motorsyklar av merket KTM er MC-Deler forhandlar av, og dette merket er marknadsleiar i Møre og Romsdal gjennom dei siste to åra. For ATV er Can-Am den klare marknadsleiaren, og sal frå Vartdal har mykje å seie for den posisjonen i fylket. I tillegg er salet av vasscootera godt.

– Vasscooter har vi selt i to heile sesongar, og vi har vore nær utseld begge sesongane. Vi er beviste på å rettleie kjøparane til korleis dei skal bruke ein vasscooter rett.

MC-Deler har i dag ei kundegruppe på køyretøy som strekkjer seg frå Moldefjorden og til fylkesgrensa mot Sogn og Fjordane. Det er ti tilsette i verksemda pluss ferievikarar, og det er lojale medarbeidarar med lang erfaring.

– Vi har fire tilsette som har vore her i meir enn tjue år. Dette er lojale medarbeidarar som har bygd seg opp stor kompetanse, og dei er med på å drage lasset i stor grad. Vi har flinke folk og ein seljar som står på dag og natt, og som legg seg i selen for å levere. Er det meldt finvêr i tre dagar hjelp det ikkje å seie til ein kunde at det tek fire dagar å levere ein vasscooter. Det same gjeld for ATV. Du må levere når det er snø, og når snøen er smelta er det ofte for seint.

Etter at MC-Deler la om satsinga har butikken på Vartdal hatt ei besøksauke.

– Vi sel meir utstyr og det gir oss eit ekstra bein å stå på i tillegg til netthandelen.

Ei ny nettside er under utvikling for MC-Deler. I løpet av eit år sel verksemda 120.000 deler som vert sendt i til alle delar av Noreg, men konkurransen har blitt betydeleg tøffare.

– I Noreg er det eigentleg ein liten bransje utan store aktørar. I utlandet, og spesielt i store land, er bransjen veldig profesjonalisert. Difor brukar vi mykje tid på å reise på messer, kurs og trening for å halde oss oppdatert.

Godt sal av køyretøy gjer at MC-Deler byggjer seg opp ein ettermarknad.

– No er vi med på å realisere draumane til folk, og det har vore ei spennande utfordring for oss. Når vi sel 200 køyretøy byggjer vi opp ein ettermarknad for verkstaden. Det gjer at vi må tenkje smart på det som skjer etter at salet er gjennomført.

Sørvik er nøktern optimist for framtida, og har von om at MC-deler halde seg på same nivå som i 2016.

– Så lenge folk er i arbeid og ikkje rentenivået kveler marknaden trur eg folk framleis vil bruke pengar på fritidsprodukt. Kjem det ein smell er det kanskje vi som får merke det først. Historisk sett vi hatt slike periodar, men i dårlegare tider vert det reparert meir og vi tek inn ein del av tapte der. Vi må legge våre salsprognosar i førevegen, og vi har vore moderate for 2017 og nøkterne optimistar.

Godt Sal: Seljar Daniel Sørvik hadde det travelt i 2016, og nesten 200 køyretøy vart levert frå MC-Deler. Foto: Joachim Åsebø
120.000 deler: I løpet av eit år sel MC-Deler 120.000 deler frå lageret sitt på Vartdal til kundar i heile Noreg. Foto: Joachim Åsebø