Spørsmålet vert stilt i eit krast brev frå Volda og Ørsta skogeigarlag i samband med at det skal byggjast tømmerterminal på Ørstaterminalen.

I brevet, som er underskrive av styreleiar i skogbrukarlaget Ragnar Aarflot og styremedlem Olav Aambøe, vert administrasjonen i Ørsta kommune skulda for å kome med tåkeprat, og at «kommunalt sommel» har ført til tap av inntekter for skogeigarane.

Purring

Brevet er ei purring på eit anna brev som vart sendt i haust der det m.a. vart stilt spørsmål om kvifor det er engasjert eit konsulentfirma for å lage eit prosjekt om utbygginga av tømmerkaia.

– Det er ikkje gjeve noko svar på innhaldet i dette brevet til rådmannen, heller ikkje ei grunngjeving for at det no er engasjert eit konsulentfirma for å lage nytt prosjekt. På direkte spørsmål er det gjeve tåkeprat til svar. Det synest som at nokon har «trakka seg fast i myra», er Aarflot og Aambøe sin kommentar til svaret frå kommunen om konsulenten.

Aarflot og Aambøe seier det ikkje har kome fram om leige av konsulent er politisk handsama i kommunen.

– Det er relevant å stille spørsmål om det er administrasjonen og ikkje politikarane som styrer kommunen, seier Aarflot og Aambøe. Dei viser til at konsulenthonorar ikkje var med i det ferdig planlagde prosjektet og ikkje med i kostnadsoverslaget.

Det er Norconsult som er leigd inn for å bidra til prosjektet. Skogeigarane meiner dette ikkje er naudsynt, og fryktar forseinkingar. Skogeigarlaget minner om landbruksdirektoratet sine vilkår for å løyve 12,5 millionar kroner til tømmerkaia, og at tilsegna kan trekkjast tilbake eller reduserast dersom prosjektet vert avbrote eller ikkje vert gjennomført i tråd med plan, føresetnader og vilkår.

Aarflot og Ambøe viser til at det i søknaden om tilskot vart opplyst om at prosjektet var under oppstart, og at det saman med underteikna leige- og driftsavtalar vart gjeve uttrykk for effektiv framdrift.

– Men så vart det brått slutt. Kravspesifikasjonane var ferdig utarbeidde og kunne leggjast ut på Doffin alt i september 2016, men her vart det ein brå slutt, seier Aarflot og Aambøe i brevet.

Konsekvensar

– Denne administrative «kuvendinga» har snart ført til eit års forseinking på ferdigstilling av tømmerterminalen. I denne tida har det gått ut over 60.000 kubikk tømmer frå terminalen. Ved å spare 20.000 kubikk i kipping a 20 kroner per kubikk ville det gjeve skogeigarane i bygda 400.000 kroner meir i utbetaling. Med desse kvantum vil tapet halde fram til kaia er ferdigstilt. Kommunalt sommel har sin pris, seier Ragnar Aarflot og Olav Aambøe.

Dei ber om at skogeigarlaget får informasjon om pris på konsulenttenesta, og framdrift både for ferdig prosjektering og oppstart og ferdigstilling av byggjearbeidet.

Landbruksdirektoratet seier dette om satsinga i Ørsta:

Sentralt

– Ørsta er eit sentralt kaipunkt der store verkeressursar i sørlege delar av Møre og Romsdal, og utviding av kaifront og baklager gir ei god effektivisering av verkeshandteringa på kaia. Med den auka avverkinga som kan forventast i dette området, er ei god kailøysing avgjerande, i tillegg til at det må verte lagt til rette for effektiv tømmertransport på vegnettet i dekningsområdet.

Det lukkast ikkje Møre-Nytt måndag å få ein kommentar frå kommunen til saka.

Kritisk: Styremedlem Olav Aambøe i skogeigarlaget er kritisk til administrasjonen i Ørsta kommune si handsaming av tømmerkai-saka.
Kritisk: Leiar Ragnar Aarflot i skogeigarlaget er kritisk til administrasjonen i Ørsta kommune si handsaming av tømmerkai-saka. Foto: Roy-Arne Folkestad