– Ja, vi har ei godt fungerande brannordning ved flyplassen. Vi drillar mannskapet fleire gonger per veke, og to gonger i året er vi på større kurs/øvingar i Florø, fortel lufthamnsjef Sverre Bae.

Brannvernet ved flyplassen samarbeider også godt med brannverna i Ørsta og Volda.

– Vi hadde t.d. nyleg eit havari på brannbilen vår. Då kom Volda brannvern, og hadde skumbil standby i tolv timar, fortel Bae.