Deler ut kalender til 130 førskuleborn i Ørsta

– Språk er viktig. Det høyrest kanskje banalt ut, men det er sant. Språk er uhyre viktig. Kalenderen håper vi skal vere med og jamne ut ulikskapen mellom elevane som skal starte på skule. Dette er ingen revolusjon, men her er gode tips og råd både for foreldre og tilsette i barnehage og skule, seier seksjonsleiar barnehage, Reidun Mo.

SOL

Ørsta kommune har kjøpt inn 160 kalendrar frå Gjesdal kommune. Gjesdal utvikla i 2006 eit forskingsbasert verktøy for lesing, kalla SOL, som står for Strukturert Observasjon av Lesing. Alle skulane i Ørsta er SOL-skular. Systemet er til hjelp for å finne ut kvar elevane er i leseutviklinga, slik at alle kan få tilpassa opplæring. Kvar elev skal verte følgt opp i eiga leseutvikling gjennom alle ti åra i grunnskulen.

– Norsk skule har tidlegare vore gjenstand for kritikk fordi vi ikkje har vore flinke nok til å jamne ut ulikskapen mellom elevane. Mykje har vorte betre, men vi er opptekne av å gjere tidlege tiltak. Dette er eit steg på vegen, seier seksjonsleiar skule, Kirsti Øy Driveklepp.

Kalenderen har vore tilgjengeleg i fleire år, men Ørsta kommune har sagt nei til å kjøpe han inn fordi han har vore på bokmål. I haust tok dei sjølve grep for å omsette kalenderen til nynorsk. Det arbeidet var det rådgjevar skule, Toril Romestrand Hjelle som stod for.

– Vi veit at andre no hiv seg på og vil kjøpe kalenderen, etter at han vart tilgjengeleg på nynorsk. Det er sjølvsagt veldig kjekt, seier ho.

Rollemodellar

I kalenderen er der tips og råd om korleis snakke om språk med borna.

– Vaksne og born har ulik oppfatning av ord. Kva tyder i går eller i forgårs. Kva er framme og kva er bak. Ein sofa er noko konkret og enkelt å forstå, men kva tyder «mellom». Abstrakte ord kan vere vanskelege. Har borna forståing for desse omgrepa, er dei komne langt på veg til å verte gode lesarar. Då er det også enklare å lære i alle fag, seier Hjelle.

I januar tek kalenderen for seg temaet høglesing, og fortel at dersom vaksne les for borna, skaper dette leselyst, og gir betre lese- og skriveferdigheiter. I februar handlar det om ord og omgrep. Kalenderen opplyser mellom anna om at talet på ord som barnet lærer, heng saman med talet på ord som vaksne nyttar.

– Snakk saman. Det er mykje som skjer framfor ein skjerm no til dags. Det hindrar språkutviklinga. Det er to måtar å lære ord på, og det er å høyre dei og å lese dei, seier dei tre engasjert.

– Og vaksne er dei beste rollemodellane for dei minste.

Flinke

Kalendrane får alle dei rundt 130 førskuleborna i Ørsta med seg heim. Alle barnehagane i, både private og offentlege, og alle skulane, får også eit eige eksemplar som dei kan nytte, om dei vil, til å snakke med borna om språk.

– Vi veit at barnehagar og skular i Ørsta er flinke til dette. Vi badar og dusjar ungane i ord. Dette er ein reiskap dei kan nytte seg av, om dei vil, og det trur vi at dei gjer.

Stolte

– Vi er stolte over dette, og føler at det gir eit løft. Det vert også ei markering for seksåringane som skal byrje på skule, at dei får noko i gåve. Ei lita merksemd som viser at dei skal til på noko heilt spesielt og nytt. Håpet er også at dette opnar for at foreldre føler at det er lettare å snakke om- og spørje om ting, både til elevane sjølve og til skulen, fordi alle har same referansebakgrunn og samtalegrunnlag, seier Driveklepp.