– Det vert avgjerande å få til nyinvesteringar i mjølkeproduksjonen for å ta over og sikre produksjonen til dei som vurderer å slutte.

Det skriv Tine i prosjektplanen for prosjektet «vegval med mjølk- og kjøtproduksjon i Ørsta og Volda». Prosjektet blir drive av Tine, og går frå 2015 til 2018. Hovuddelen av aktiviteten er venta å bli i 2017, ifølgje Tine.

Treg fornying

Dei meiner det har gått tregt med å få i gang fornying av fjøsane i Ørsta, med få eller ingen søknader til Innovasjon Norge. I 2013 og 2014 losna det litt, og det kom inn fleire søknader enn på lenge, men stort sett på mindre prosjekt.

– Når det gjeld engasjement, er områda Bondalen og Vartdal sterkast. I Bondalen har det i løpet av kort tid kome til sju-åtte unge som har teke over mjølkebruka. Dei andre bygdene manglar «lokomotiv», nokon som går føre og syner moglegheitene. Vi trur difor det kan ha stor effekt å få i gang møte der dei får inspirere og motivere kvarandre.

I ein del år vart fleire mjølkekvotar selde ut av Ørsta og Volda. I seinare år har kvotar vorte kjøpt tilbake, og salet har flata ut.

Elles viser Tine at utviklinga i mjølkeproduksjonen i Ørsta og Volda har følgt dei nasjonale trendane: Færre og større bruk, utfasing av småbruk og fleire samdriftsfjøsar.

Tine har hatt eit mjølkeprosjekt gåande på Sunnmøre sidan 2004. Det er dette som no har vorte utvida med eit eige prosjekt i Ørsta og Volda.

– Mjølkeprosjektet har utan tvil vore ei god draghjelp for utviklinga av mjølkeproduksjonen på Sunnmøre, meiner Tine.

Kjøt

Sidan 95 prosent av kjøtproduksjonen i Ørsta og Volda skjer på mjølkebruk, vil ei satsing på mjølk også kome kjøtproduksjonen til gode.

Prosjektet har ei kostnadsramme på 1,6 millionar kroner, og er finansiert av Tine, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune og Ørsta/Volda landbrukskontor.

– Målet er å halde på og helst auke volumet på mjølk og kjøt. Vi vil få i gang framtidsdiskusjonar og engasjement hos produsentane og kvoteeigarar ved å bruke erfaringane frå andre mjølkeprosjekt i Midt-Norge og på Vestlandet.

Planen er at alle mjølkebruk i Ørsta og Volda skal få besøk av rådgivarar i samband med prosjektet.