– Dette er ein dag vi har venta på lenge. No skal vi samle bygda, og skape ei framtid. Tida med splitting er over, seier leiar i Vartdal Turn og Idrettslag, Jon Helge Bjørndal og ordførar i Ørsta, Stein Aam.

Det var rett før jul det vart kjent at det var oppnådd semje mellom grunneigarane, Ørsta kommune og Vartdal Turn og Idrettslag om avtale for grunn til eit nytt idrettsanlegg på Vartdal.

Dette gjeld arealet som ligg ved Vartdal skule, og som er regulert til føremålet. Ikkje heile det regulerte arealet er med i grunnavtalen, men nok til at det kan byggjast ei fotballbane, støyvollar, parkeringsplassar og tilkomstveg.

Onsdag var det kommunen og idrettslaget sine representantar som skreiv under avtaledokumenta. Før årsskiftet skal også grunneigarane skrive under.

– Og det vil skje, insisterer Aam.

Han seier at det meste no er klart til at byggjestart kan skje ganske raskt.

Jon Helge Bjørndal fortel at spelemiddelsøknad no vil verte laga til, og vere klar til fristen komande haust.

– Vi håper vi kan ta kunstgrasbana i bruk seint på året i 2018. Det vi håper å kome fyrst i gang med, er dei delane som ikkje har krav på spelemiddelstøtte, som støyvollar og parkering, seier Bjørndal.

Han har stor tru på at dugnadsinnsatsen vil verte stor.

– Folk ventar på å kome i dag. Berre timar etter at saka vart kjend førre onsdag, kom det inn over fire hundre meldingar. Eg må vedgå at eg måtte ha meg ti minutt for meg sjølv då det var klart at vi hadde ein avtale, seier Bjørndal.

For dette er ei sak som har prega Vartdal-samfunnet i 38 år. Minst fem alternativ for lokalisering har vore drøfta, før det siste vedtaket om areal, ved skulen, kom i 2006 i samband med kommunedelplanen for Vartdal. Det var også året då Bjørndal vart leiar, og sidan mest dagstøtt har arbeidd med saka.

Han rettar ei stor takk til kommunen sine folk, grunneigarane og til Håvard Vartdal, som var ein viktig mellommann i forhandlingane.

– Forhandlingane var intensive og konstruktive, og det er no stor glede over at avtalen er på plass, seier Bjørndal.

Ordførar Aam takkar også alle involverte, og meiner avtalen er med på å sikre ei god framtid for Vartdalsstranda.