Jarle Sørheim (61) sit med boblejakke og open dør, og røykjer sterke Paramount-sigarettar i sofaen i leilegheita i Rystefeltet. Den varme førjulstemperaturen ute er god. Elles er det ikkje så mykje som gler Jarle no når vi går inn i julehøgtida. For medan mange andre ser fram til samvær med familie og venner, er det ei einsam jul som nok ein gong ventar Jarle.

– Eg skal på grava til foreldra mine og tenne lys klokka ni om morgonen julaftan. Det gjer eg kvart år. Elles håper eg julaftan går fort over.

Pynta

Jarle Sørheim, av mange berre kalla «Sørheim», har med god hjelp fått pynta litt til jul. På stovebordet ligg ein juleduk. I glaskarmen står ein adventsstake og ei julekrubbe, og på sofaen står ein opna sjokoladekalender. Og på golvet står eit lite juletre i plast som Jarle har fått med ein kjenning. Julegåver har han ikkje kjøpt, for han har ikkje nokon å gi til. Dessutan er økonomien stram.

Jarle vedgår at det kunne ha vore ryddigare i leilegheita. Men han er ikkje så oppteken av det, men er glad for heimehjelpa som kjem innom eit par gonger i veka.

No bur han seg på dei lange høgtidsdagane, noko han slett ikkje ser fram til. For sjølv om Jarle er ein sosial person, som snakkar med alle, så er timane heime i leilegheita som oftast lange. Og lengre vert dei når høgtidene kjem.

– Det er nok fleire enn vi trur som har det slik som meg, der julaftan vert den mest einsame dagen i året. Alt er stengt i jula, og røykje får eg ikkje lov til nokon stad lenger!

Orda kjem frå ein mørk bass som lengtar etter kvinnfolk.

– Men eg får vel ikkje dame slik eg no ser ut. Då må eg vel dusje oftare, humrar Jarle og bles røyk.

Han som fortel om dagane og kvardagen, usminka og rett fram. Sjølv om han ikkje seier det, så er han takksam for at det finst personar i nærområdet som bryr seg, og som slår på tråden og av og til kjem innom for ein prat, som pyntar heimen med tulipanar og gir han vaflar og middag, og som veit å strekkje ut ei hand. Dette er både private og folk frå kommunen, politiet, Frelsesarmeen og andre.

Aviser

Vi får høyre at flokken av kjende og familiemedlemmer har minka mykje siste åra, og at han har slutta å gå på Norrøna Pub etter at eigaren gjekk bort.

– Før hadde eg nokon å drikke øl med i jula, no har eg ingen. Så no vert det vel berre å fare til dagsenteret for å lese aviser, fortel Jarle før han byrjar å prate om tider som var. Ofte med kvass humor. Han har levd eit tøft liv, med utfordringar og livskrasj som pregar han. Om det er lenge sidan, har mannen også vore på solsida, og han er full av gode minne. Jarle fortel om då han som ungdom reiste på Interrail, og var vekke i to år og opplevde Europa, og om Barcelona der han fann maur i brødet. Han fortel om festbussen, med det enorme stereoanlegget, han kjøpte av rockegruppa Hard Rain, ein buss som var som ein magnet for Esso-folket på 80-talet. Han fortel om studietida, då han mangla berre to poeng for å kome inn på siviløkonomstudiet.

Vi får høyre om den gongen ei bot vart bytt ut med ein tur til Saudehornet, der han har vore tretti gonger, saman med politibetjent Vatne, og stoltheita og smilet leitar seg like mykje fram då vi høyrer om platedebuten med Side Brok, og om episodar då han vart påsett handjarn og køyrt til Ålesund.

Jarle vert alvorleg når han skildrar nervesamanbrotet etter at ein kompis skaut seg. Og når han fortel om den dramatiske hendinga for eit par år sidan då han sovna på sofaen medan stearinlysa var tende. Han vakna av brann på stovebordet, og vart frakta til Volda med oksygenmaske. Fjernsynet gjekk med i brannen, også møblar og fasttelefonen. Han har vore gjennom stormar og ruskevêr, men helsa spelar framleis på lag med han på eit vis.

Trøytt

Jarle Sørheim tenner ein Paramount. Klokka er ti på føremiddagen og det regnar framleis. No er han trøytt og vurderer å leggje seg litt. Nok ein gong har han vore oppe store delar av natta.

No lengtar Sørheim etter våren og lyse dagar. Han likar å sjå blomstrane spire og gro. Mørketida er ikkje noko for han.

Skulle han ha eit nyttårsønske, er det å få flytte nærare sentrum.

– Eg ligg i forhandlingar om ei kommunal leilegheit. Eg håper det ordnar seg, fortel Jarle.

Ein einsam ulv med håp.