Laurdag 17. desember var det høgtidleg opning av E6 Frya-Sjoa. K.A. Aurstad har vore med på dette store prosjektet i arbeidsfellesskap med Implenia. Arbeidsfellesskapet har hatt hovudentreprise på strekninga Vinstra-Sjoa.

Det er Aurstad som skriv om dette på sine heimesider.

I januar 2014 starta det til då største vegprosjektet i Noreg, E6 Vinstra-Sjoa. Aurstad utførte alt arbeidet i dagen, i tillegg til opplasting og utkøyring av tunnelstein og bygging av veg i tunnelen. Implenia utførte alle betongkonstruksjonar (31 stk.), i tillegg til drivinga i tunnelen.

– Dette prosjektet viser at det er mogleg for entreprenørar å gå i arbeidsfellesskap for å kunne ta på seg større jobbar. I slike prosjekt er den største utfordringa å samarbeide godt, sidan det er to ulike firmakulturar som skal smelte saman, skriv dei.

Arbeidsfellesskapet E6-Implenia-Aurstad ANS har hatt andre del av den 33 kilometer lange vegstrekninga Frya-Sjoa.

– Vi har fått god tilbakemelding frå Statens vegvesen. Tilbakemeldinga er at dei er spesielt nøgde med anlegget, arbeidet med naturstein i krevjande terreng, veldig pent betongarbeid, spesielt for Kvam bru og Faunapassasjen, og at det er eit veganlegg med svært god linjeføring.

17. desember var det stor opningsfest. Under opninga var det understreka det gode arbeidet som var gjort av alle involverte partar, og samarbeidet med Statens vegvesen.

– Det har vore eit stort og utfordrande prosjekt, men vi har fått til gode løysingar, og K.A. Aurstad er stolte av det ferdigstilte prosjektet. Vi vil gratulere Statens vegvesen med ny og trygg veg, og ser fram til å løyse nye utfordringar saman, helsar firmaet.