– Skulen må vere ein av dei viktigaste postane på budsjettet, og denne rapporten må vere ein av dei viktigaste rapportane vi får i løpet av året, sa Eli Birkeland (KrF), då kommunestyret torsdag diskuterte tilstandsrapporten i skulen.

Fleire politikarar tok ordet og kritiserte Ørsta kommune sin ressursbruk i skulen. Rådmannen hadde lagt opp til ein reduksjon i skulebudsjettet i 2017, og vedgjekk sjølv i budsjettomtalen at ho gjerne skulle hatt større ressursar å bruke på skulen. Seksjonsleiaren i Ørsta-skulen, Kirsti Øy Driveklepp, ropar i budsjettomtalen eit varsku for ressurssituasjonen i skulen.

– Ørstasamfunnet har ikkje råd til å misse nokon. Det er dyrt å reparere, både økonomisk og for elevane personleg. For åra frametter må rammene aukast dersom det ikkje skal medføre lågare kvalitet på opplæringa enn i kommunane rundt oss.

Uroa for norsk og mobbing

Sjølv om resultata i Ørsta-skulen er ganske gode, og langt betre enn det ressursbruken skulle tilseie, er fleire politikarar uroa over utviklinga.

– Vi ser ein tilbakegang i eksamensresultat i norsk hovudmål i 10.-klasse, og ei negativ utvikling når det gjeld mobbing. Det er både alvorleg og bekymringsfullt. Det må takast grep for å sikre god bemanning og føreseielege rammer i skulen, insisterte Anne Ellingsen (V).

- Når det gjeld resultata, er det norsk som er mest kritisk. Her har vi dårlege resultat på fleire trinn. Det kan det vere fleire grunnar til, ein kan vere at vi har fått fleire flyktningar, som ikkje har norsk som morsmål. Skulen må også få sin del av flyktningetilskota. Når det gjeld mobbing, så har seksjonsleiar Driveklepp tidlegare uttalt at dette er noko som er teke tak i og som skulen har kontroll på, repliserte Odd Magne Vinjevoll. Han leiar levekårsutvalet, som er fagutval for skulen.

Han kommenterte også situasjonen for bygningane i skulen.

– Vi har ein god skule, men dårlege bygningar. Det skal vi gjere noko med, og det vil også kome fram i budsjettet (sjå eiga sak, red. merk.).

Spesialundervisning

Ellingsen var mellom fleire som også peikte på situasjonen for spesialundervisning i Ørsta-skulen. Det er færre som får slik undervisning i Ørsta enn i andre kommunar, og fleire fryktar det er eit teikn på at elevar som treng hjelp ikkje blir fanga opp.

– Det er ikkje ei målsetting å ha flest mogleg i spesialundervisning. Dei fleste skal få hjelp i ein ordinær klassesituasjon. Men den låge lærartettleiken gjer tilpassing i klasserommet vanskeleg i Ørsta-skulen.

– Ikkje fleire kutt

Den gjengse og tverrpolitiske bodskapen i innlegga frå talarstolen i kommunestyret, er at meir kutting eller innsparing i skulebudsjetta er feil veg å gå.

– Dei to siste åra har det vorte 59 elevar fleire i Ørsta-skulen. Samtidig har det vorte 4,2 færre stillingar. Sjølv om det har vore ei styrking i lærartettleiken på barnetrinnet, har tettleiken gått ned i ungdomsskulen. Dette er ikkje bra, og no meiner eg skulen må fredast frå fleire kostnadskutt, sa Ann Karin Sætre (H).

I budsjetthandsaminga seinare i kommunestyremøtet var det klart at fleirtalet går inn for å halde oppe styrkinga på 2,5 mill. kr til bemanning i skulen. Dette vart først vedteke i 2015, men rådmannen fann ikkje plass til å vidareføre satsinga i sitt framlegg.

Vil frede skulen: Ann Karin Sætre (H). arkivfoto