Det viser ein rapport frå Søre Sunnmøre kommunerevisjon IKS, som har gått gjennom Ørsta kommune si forvaltning av vatn og avløp.

Her kjem det fram at kommunen kan ha eit svinn på over 1,6 millionar kubikk vatn i året. Dette er vassproduksjon som ikkje blir fakturert til abonnentar.

Kommunen har opplyst til kommunerevisjonen at det i stor grad er ein lekkasje i Vikegeila vassverk som er årsak til det store svinnet.

I tillegg kan det vere slik at det utfakturerte vassforbruket er lågare enn det bustader og andre abonnentar faktisk brukar. For dei fleste er forbruket kalkulert ut ifrå areal, og dette kan føre til feil utrekningar. Kommunerevisjonen foreslår at kommunen vurderer å auke det estimerte vassforbruket eller å få fleire av husstandane over på vassmålar.

Den sistnemnde løysinga vil også kunne gjere forbrukarane meir bevisste på eige vassforbruk, og føre til lågare vassforbruk og dermed sparing av miljøet, skriv kommunerevisjonen.

I tillegg meiner sjølvsagt kommunerevisjonen at lekkasjen i Vikegeila bør bli tetta.

Sjølvkost

Vatn og avløp er såkalla sjølvfinansierande tenester. Det betyr at gebyra innbyggjarane betalar ikkje skal vere høgare enn den faktiske kostnaden kommunen har med å drive og levere tenestene. Det er difor viktig at det er samsvar mellom det folk betalar og utgiftene kommunen fører.

Kommunerevisjonen har undersøkt om det er slikt samsvar, og er stort sett nøgde med det dei finn. Dei oppmodar likevel kommunen om å utnytte dei tilgjengelege verktøya for utrekning av kostnadar betre. Her er det mellom anna mogleg å skilje betre mellom kva utgifter som er knytt til vatn og kva som er knytt til avløp, slik at dei to gebyra blir så korrekte som mogleg for innbyggjarane.

Ulf Kristian Rognstad, einingsleiar for kommunalteknikk i Ørsta kommune, melder at kommunen i hovudsak seier seg samd i konklusjonane i revisjonen.

Revisjonsrapporten har vorte handsame og teken til vitande i Kontrollutvalet i Ørsta kommune og i Ørsta kommunestyre. Politikarane oppmodar mellom ana administrasjonen om å redusere lekkasje og svinn og å utnytte utrekningsverktøya betre.