Utvalet har samrøystes vedteke eit oversendingsframlegg til formannskapet der det vert bede om at rådmannen vurderer trafikkforholda ved skulen. Dette inneber også om tilsette ved skulen skal byrje å parkere på Ørsta kulturhus.

Kommuneoverlege Arne Gotteberg har på vegner av rådmannen utarbeidd saka om godkjenning av Velle skule. Han rådde til at skulen vart godkjent. Men dette sat langt inne.

– Eg er ikkje komfortabel med å godkjenne skulen for fem nye år, og eg har hatt «hovudpine» i samband med dette, vedgjekk Gotteberg då han orienterte politikarane i levekårsutvalet om saka på siste møte.

Ved tilsyn er det konstatert at deler av skuleanlegget verkar å vere tronge og maksimalt utnytta grunna høgt elevtal. Spesielt gjeld det lokala for dei minste elevane og SFO. Merknaden gjeld både klasserom og grupperom. Tilsynet viser også utrygge trafikale tilhøve og ulykkesfare ved innkøyring, av- og påstiging og parkering ved skulen.

– Det er også behov for å ettersjå og styrke vedlikehaldet av skulen sitt uteområdet og sikring mot Ørstaelva, som ved stor vassføring og springflo fløymer inn over skulen sitt leikeområde, seier Gotteberg. Det er i periodar oppsamling av vatn og det dannar seg holer, også framfor skulen. Dei kan vere utrygge for små barn og frys til issvullar og er glatte om vinteren.

Det må også etter Gotteberg sittt syn leggast til rette for trygg skuleveg med siktemål at fleire kan gå eller sykle til skulen og redusere biltrafikk, parkeringsproblematikk og risiko ved av – og påstiging.

Tilsynet har avdekka at ein enno ikkje har rukke å arbeide systematisk med miljøretta helsevern (MHV) ved Velle skule. Det finst ein del dokument, men dei er ikkje systematiserte og internkontrollsystemet (IK systemet) og system for avviksregistrering innanfor MHV er ikkje godt nok kjent av dei tilsette. – I det vidare arbeidet vil det vere viktig å kvalitetssikre eit system for god etterleving av miljøretta helsevern i skulen, slik forskrifta krev.

– Det må utarbeidast ein del praktisk med nyttige prosedyrar, retningslinjer og eit system for å dokumentere driftsdata og plan for vedlikehald, seier Gotteberg.

Strakstiltak

Når det gjeld trafiktilhøve for born, er det no gjort strakstiltak for skulen med forsterka vakt om morgonane då skuleborna kjem til skulen.

– Kommunen er også i forhandlingar om innløysing av dei to husa ved skulen, fortel skulesjef Kirsti Øy Driveklepp.

Ved å fjerne dei to husa vil skulen få betre plass til parkering.

Parkeringsproblematikken, med overfylt parkeringslass, kan også løysast ved at dei tilsette parkerer bilane sine ved Ørsta kulturhus.

– Parkeringsplassen ved skulen er full om morgonane. Det vil hjelpe mykje dersom tilsette parkerer ved kulturhuset, meinte Tove Halse Digernes (Sp).

Fredrik Christian Langlo (H) meinte betre skilting kunne vere eit godt strakstiltak, medan Magne Jonny Krumsvik (Frp) peika på den farlege fotgjengarovergangen ved kryssset til E39 ved Shell.

Levekårsutvalet rår kommunestyret til å godkjenne Velle skule under føresetnad av at skulen og skuleavdelinga i samarbeid med eigedomsavdelinga arbeider aktivt med vidareutvikling av internkontrollsystem, i tillegg til vedlikehald og rapportering.