Det er vedtak om at vegen skal verte kommunal, men kommunane har nekta å ta over vegen før han er i den standarden dei ønskjer.

I brevet skriv vegvesenet:

– Den formelle delen av omklassifiseringa er avslutta, og vi vil presisere at Vegdirektoratet sine føringar for slike saker er følgde, og at tiltak i høve tekniske krav er utført. Det er gjort fleire tiltak, mellom anna er det lagt fast dekke på strekninga, og det er gjort store utbetringar på drens- og avløpssystemet, i tillegg til at det er sett opp nytt rekkverk. Asfaltskadar har vorte utbetra, skader ved rekkverksstolpar er utbetra, og vegskråninga er plastra fleire stader. Vi meiner at vegen har betre standard enn gjennomsnittet for samanliknbare vegar i fylket. Vi kan ikkje sjå at det skal vere noko i vegen for at overtakingsprotokollen kan verte signert. Underskriven protokoll er likevel ikkje eit formelt krav eller ein føresetnad for at vedtak skal kunne setjast i verk. Men underskriven protokoll er ønskeleg. Denne saka er avklara med vegeigar, Møre og Romsdal fylkeskommune, og vi reknar saka som avslutta frå vår side, melder Statens vegvesen, Vegavdeling Møre og Romsdal.