Anbjørn Steinholm Frislid (Frp) skriv dette i ein interpellasjon til ordførar Stein Aam.

Frislid meiner at aktiv påmelding til gudstenester i skulen er ein praksis som kan bidra til å forvitre og framandgjere elevane frå dei religiøse tradisjonane som har forma samfunnet. Han foreslår at kommunestyret skal be rådmannen om å pålegge skulane å gjennomføre julegudstenester, og gudstenester i andre høgtider der det er formålstenleg.

– Skulen og kyrkja har ei lang historie saman. Allereie på 1700-talet gjekk kyrkja i front og sørgja for at elevane fekk opplæring i lesing og skriving slik at dei kunne stå til konfirmasjon. Vår kristne kulturarv har bidrege til at samfunnet har kome fram til det moderne samfunnet der utdanning er ein av dei verdiane som vi held aller høgst. I eit samfunn som vert stadig meir sekulært er opplæring i kristendom viktig, skriv Frislid.

Han held vidare fram at kristendomen har påverka språket vårt, gjennom daglegdagse omgrep, ordtak og uttrykk.

– Kristendomen har forma tradisjonane våre som bringar samfunnet vårt saman, som julefeiring, dåp, gravlegging, påske og konfirmasjonar. Kyrkja si omsorg for fattige og utstøytte bidrog til å skape handlingsrom for den moderne velferdsstaten.

Det er læreplanfesta at elevane skal ha kjennskap til, og oppleving av religiøse tradisjonar og seremoniar. Frislid meiner det også vil vere nyttig for mange å få nyansert mediebildet som eksisterer rundt kristendomen, der karismatiske predikantar ofte får større merksemd enn dei meir «trauste» biskopane og prestane i Den norske kyrkja.

– Difor er det underleg at ei rekke skular rundt om i landet har konkludert med at det prinsipielt er problematisk at elevar deltek på gudstenester i skuletida. Kunnskap til vår felles historie som nasjon er viktig. Det er også kunnskap om det nye Noreg. Vi vil at elevane skal få moglegheit til å møte det religiøse der det går føre seg. I alle skulefag vert det snakka om praktisk opplæring. I religionsfaget derimot verkar det som at undervisninga må verte gjort så teoretisk og kjedeleg som mogleg for å unngå å støyte nokon. Dei elevane som av prinsipielle årsaker ikkje ønskjer å delta, skal sjølvsagt sleppe det. Som hovudregel derimot, bør elevande delta på gudstenester.