Gode samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen

I dag er det den femte laurdagen ein ny distributør har ansvaret for avisomberinga til stader der avisene sitt eige distribusjonsapparat ikkje når ut. Det er den femte laurdagen dette ikkje fungerer.

Eg er på langt nær eit profesjonelt avisbod, men eg greier å finne ei postkasse. For femte laurdagen på rad har eg teke meg ein runde for å levere aviser til folk som ikkje har fått slik dei skal. Men på langt nær alle vert nådd.

Vi er ei lita avis, og vi er glade i lesarane våre. Og vi opplever at lesarane våre er glade i avisa. Det er sårt å oppleve laurdag etter laurdag at dei same abonnentane ikkje får avisa si. Dette skjer sjølv om vi har levert adresselister på kven som ikkje vert nådd.

Det er nok no. Ketil, du har makt og mynde til å seie at nok er nok overfor den distributøren du valde. Det er heilt greitt at du ville konkurranseutsetje laurdagsomberinga, og prøve å få til noko nytt. Då er det også heilt greitt å erkjenne at dette ikkje fungerte. Det er inga skam å snu, og no er tida inne for akkurat det.

Med helsingRune SæbønesRedaktør i Møre-Nytt