Og no vert grunneigarar utfordra til å stille grunn til disposisjon for å medverke til realisering av bygging av gang-, sykkelvegar og turråser på kommunale, statlege og fylkeskommunale vegar.

Onsdag kveld vart det halde eit folkemøte på Legane i Åmdalen om dette, der ei rekkje grunneigarar og andre deltok. Og skal ein tolke den gode tonen frå møtet, så er kommunen sitt pionerprosjekt i ferd med å lykkast. For det skal allereie vere klart for signering av avtalar om gratis grunnavståing frå fleire grunneigarar som ønskjer å vere med på det kommunen og andre håper: at det vert fortgang i bygginga av gang- og sykkelvegar i området Ørsta sentrum – Bondalseidet, inkludert Bjørdalen, Melsbygdvegen og Follestaddalen.

Avklara

Kommunen si melding til folket er klar: – Det er når grunnspørsmåla er avklara at prosjekt vert prioritert, sa assisterande rådmann Eldar Rune Øye på møtet.

Ordførar Stein Aam (Sp) følge opp:

– Initiativet om å invitere grunneigarar til å avstå grunn er på sin plass. Når det vert snakka om å få realisert gang- og sykkelvegar i Ørsta spør makta i fylkeskommunen om grunnspørsmåla for prosjekta er avklara. Alle må spele på lag for å få til dette slik at Ørsta kjem høgare på lista for prioritering av midlar. I dag er ikkje verken Ørsta eller Volda godt representert på lista over prosjekt for trafikktrygging. Men no er vi på hogget, og det skal vi halde fram med, sa ordføraren.

Teknisk sjef Rolf Magnus Sundgot var full av entusiasme for å kunne få til det han kalla ein samfunnsdugnad for å få raskast mogleg realisert trafikktrygging langs utsette vegar i kommunen. Også han peika på det viktige med først å få på plass frivillige grunnavtalar basert på dugnadsprinsippet der kommunen ikkje skal betale for grunnen. Sundgot gjorde det klart at det vil vere ei umogleg oppgåve for kommune å skulle løyse ut grunn til den prisen dette måtte koste.

– Får vi på plass grunnavtalar gjennom dugnad, rykkjer vi garantert fram i køen! Sa Sundgot som ivra for eit fruktbart samarbeid mellom politikarar, administrasjon og folket.

Leiar i samfunnsutvalet, Inge Kolås, minte forsamlinga på at ein ved å avstå grunn, og byggje gang- og sykkelvegar på dei, kan få auka verdi på eigedomane.

Når det gjeld prioriteringar av utbyggingsområde åtvara Anita Brekke mot at det oppstod situasjonar med «fogderistrid» om kvar det skal byggjast.

– Det er litt trist at vi må ha ein dugnad for utbygging. For kva med dei gardbrukarane som har behov for arealet sitt? Vi må ha takhøgd for ulike meiningar, oppmoda Brekke.

– Det er ingen føresetnad at alle grunneigarane avstår grunn, men vi er nøydd til å få til grunnavtalar innan fristen. Og dess raskare avtalane vert ordna, dess større moglegheit har vi for pengar frå fylket, svara Stein Aam.

Han minte om at det no ligg 40 millionar i pengekassa i fylket, pengar som skal gå til gang- og sykkelvegar.

– Dette handlar ikkje om tvang, men vilje for tryggare vegar og at ein leitar fram kampånda. Vi kan få til utruleg mykje berre vi står på og set inn ein innsats, sa Astrid Bjørdal i samfunnsutvalet.

At det er behov for tryggare vegar frå sentrum til Bondalen er sikkert. Fleire som deltok på møtet fortalde kor livsfarleg det er å ferdast på vegane i mørket der mange held alt for høg fart frå Høgebrua og oppover.