– Det er kome inn litt få hus, og vi skulle gjerne hatt endå fleire, seier Astrid Aambø ved Specsavers i Ørsta.

Det er butikkane i gågata som organiserer peparkakebygda-utstillinga i Bomann-huset, og dei er avhengige av at folk leverer hus og andre peparkakekreasjonar.

– Alt er velkome. Vi har mellom anna fått inn ein peparkakebåt, og det er sjølvsagt lov å snikre saman eit ferdighus, seier Aambø.

Levering

Det er mogleg å levere peparkakehus hos Specsavers i Vikegata (i opningstida) og hos Fru Svendsen.

– I tillegg blir det mogleg å levere i utstillingslokalet søndag ettermiddag.

Initiativtakarane har laga til flotte kulissar i butikkvindauga, og desse skal skape julestemning når fakkeltoget går gjennom Vikegata søndag.